Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Strikkeplagg med utgangspunkt i foto frå lokalmiljøet ditt

Du får i oppdrag å designe eit moderne strikkeplagg for ei definert målgruppe. Plagget skal vere inspirert av eit foto frå lokalmiljøet ditt. Du skal designe fram til presentasjonsskisse med mål og material- og strikkeprøver. Lever oppgåva som eit prosesshefte.

Oppdrag

Du skal designe eit moderne strikkeplagg for ei definert målgruppe. Designet skal vere spenstig og funksjonelt, og det skal ha spor frå det lokale miljøet ditt. Du kan til dømes ta utgangspunkt i arkitektur, natur, ein detalj eller ein fargereferanse. Vel noko som inspirerer deg, men utgangspunktet for designet skal vere eit foto som du har teke sjølv. Observer linjer, form, tekstur og fargar i biletet, og bruk dette i designprosessen din.

Du skal designe fram til presentasjonsskisse med mål og material- og strikkeprøver.

Presentasjonsskisse med materialprøver i grøne og gule tonar, med oppgitte mål. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturmateriale

Materialet i det ferdige produktet skal vere garn av eit naturmateriale: Materialbruken skal passe til designet, målgruppa og bruksområdet. Skal det til dømes vere sommar- eller vinterplagg? Er målgruppa di barn eller vaksne?

Designprosessen

Del 1: Idéutvikling

Start med å finne inspirasjon. Gå ut i nærområdet ditt og ta mange bilete av ulike motiv. Start idémyldringa med eit breitt utgangspunkt.

Lag eit moodboard av dei første søka dine etter inspirasjon. Vis kva som er den lokale forankringa, og kva stemning og uttrykk designet ditt skal formidle. Bruk gjerne eit digitalt moodboardverktøy som https://spark.adobe.com.

Del 2: Planlegging

Lag eit tankekart for å beskrive prosjektet. Teikn tankekart for hand eller bruk eit digitalt tankekartverktøy som til dømes coggle.

Beskriv målgruppa di, val av plagg, bruksområde, materiale, fargar og aktuelle strikketeknikkar. Lag skisse av plagget, og vis korleis du har teke utgangspunkt i eit foto frå lokalmiljøet ditt.

Visualisering:

  • Lag skisser av plagget. Test ut ulike måtar å bruke fotoinspirasjonen i designet ditt.

  • Dokumenter prosessen frå idémyldring til valet av endeleg skisse / modell. Vis òg omarbeidinga av vald idé.

Del 3: Gjennomføring

  1. Teikn ei presentasjonsskisse av plagget, i fargar. Denne teikninga er vesentleg for å selje idéen din til dømes til ein produsent. Dette er ei presis og realistisk visuell framstilling av strikkedesignet. Bruk passande målestokk.

  2. Lag materialprøver og ulike strikkeprøver, la desse følgje presentasjonsskissa.

Skisse til strikkegenser i grønt, grått, rosa og oransje saman med strikkeprøve. Tegkning og foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Vurdering

Vurder designprosessen din med eit kritisk blikk. Gjer greie for teknikkar og materialbruk.

  • Er det lokale gjenkjenneleg i plagget?

  • Uttrykkjer plagget det du vil det skal?

  • Er det tilpassa målgruppa på ein god måte?

Del 5: Dokumentasjon

Du skal levere oppgåva som eit prosesshefte i A3-format. Dette bør vere med:

  • Gi plagget eit designnamn, bruk passande bokstavtypar og kombiner foto og tekst på framsida av heftet.

  • Monter alle delar av prosessen i rekkjefølgje i heftet. Dokumenter med skisser, strikkeprøver og materialprøver korleis det ferdige produktet skal vere. Forklar og grunngi vala dine.

  • Legg ved kjelder.

Relatert innhald

Tekstilfibrar kan kome frå naturen eller bli framstilt kunstig. Lær meir om garnproduksjon og ulike garnkvalitetar.

Designprosessen startar med eit oppdrag eller ein idé som skal bli til eit ferdig produkt eller ei teneste. I denne prosessen går vi gjennom ulike fasar.


CC BY-SASkrive av Liv Inger Espedal.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021

Læringsressursar

Designprosess