Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Bioenergi

Kan bioenergi vere energikjelda i framtida? Det er hovudspørsmålet i denne dokumentarfilmen. Det blir stadig varmare på jorda. Noko av grunnen er at mengda karbondioksid i atmosfæren vår aukar. Bioenergi tilfører ikkje karbondioksid til atmosfæren slik fossilt brennstoff gjer.

Om filmen

Bioenergi er ein svensk dokumentarfilm som tek for seg om bioenergi kan erstatte fossile brensel og på denne måten bidra til betre klima på kloden.

Forskarar har funne ut at delen karbondioksid i atmosfæren har auka dramatisk sidan midten av 1700-talet. Mykje av årsaka til auken er bruken av fossile brensel slik som kol og olje. Dette er effektive energikjelder, men tilgangen til dei er avgrensa, dei er ikkje fornybare, og dei slepper ut store mengder karbondioksid i atmosfæren vår, noko som igjen skader klimaet på jorda.

Bioenergi bidreg til å minske dei negative klimautsleppa i atmosfæren. I filmen får vi bli med til fabrikkar i Sverige som produserer ulike typar biodrivstoff. Filmen gir òg eit innblikk i forsking og utvikling innanfor feltet.

Den aukande forståinga for klimautfordringane i verda har auka etterspurnaden etter og interessa for bioenergi. Sjølv om det er mykje positivt ved bioenergi, løftar filmen òg fram negative sider ved korleis ulike typar biodrivstoff blir produserte.

Berekraftig produksjon?

Nokre kritikarar peikar på at framstillinga av biodrivstoff faktisk aukar dei samla utsleppa i atmosfæren, samanlikna med fossile brensel. Årsaka til dette skal vere at det trengst mykje meir energi for å produsere biodrivstoff.

Ein annan kritikk går ut på at verdifulle jordbruksområde blir brukte til å produsere biodrivstoff i staden for mat.

Fleire land har innført lovverk og reguleringar for å motverke dei meir negative sidene ved bioenergi. Kan fleire av dei negative sidene ved bioenergien bety at dette likevel ikkje er den beste alternative energikjelda?

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022

Læringsressursar

Klima