Hopp til innhald

Kortfilm

Den veganske tannbørsten

Den veganske tannbørsten hadde premiere på Lofoten Internasjonale Kunstfestival i 2019. Filmen er laga av Trygve Luktvasslimo. Han er utdanna biletkunstnar, har skrive bøker og er filmskapar. Filmen gir eit skråblikk på dei velkjende argumenta i ordskiftet rundt klima.

Om filmen

Den veganske tannbørsten er ein novellefilm som problematiserer haldningane dei vaksne har til klimakrisa. I filmen blir vi med til Lofoten og til skipet The World. The World er eit leilegheitsskip for nokre av verdas aller rikaste menneske. Reiarlaget som eig skipet, blir sagt å vere blant dei første i verda som har gått over til ei meir miljøvennleg energikjelde: ein miks av biodrivstoff, naturgass, diesel og batteri.

Rundt eit bord i eit kyrkjeliknande rom sit fleire vaksne i ein absurd samtale om klimaendringane. Velkjende argument om klimaspørsmål dukkar opp i ei ny og karikert form.

PR-sjefen i ei verdsleiande forskingsstifting fortel om arbeidet sitt. Stiftinga jobbar med å utvikle og promotere frie marknadsløysingar som kan komme ulike verdsproblem i møte. Ei dame frå Lofoten er om bord for å promotere rockering-retreaten sin.

Amelia (14) og Steven (12) sit og overhøyrer samtalen. Til slutt får dei nok av dei likegyldige vaksne og dei lettvinte løysingane deira på store komplekse problem.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Klima