Hopp til innhald
Dokumentarfilm

The Biggest Little Farm

Dei blei åtvara mot å prøve å drive ein gard i harmoni med naturen. Likevel trassar John og Molly Chester åtvaringane og forvandlar 80 hektar med død mark til fruktbar jord. Det kostar dei blod, sveitte og tårer.

Om filmen

Matbloggar Molly og naturfotograf John lever eit urbant storbyliv i Los Angeles, USA. Etter å ha redda hunden Todd frå ei kvinne som hadde samla 200 hundar ulovleg i huset sitt, gir paret eit løfte til Todd om at heimen deira skal bli hunden sin siste.

Problemet er berre at Todd bjeffar konstant når paret er på jobb. Det blir så ille at husverten ber dei om å kvitte seg med hunden eller flytte ut. Til mange si overrasking flyttar dei frå byen til fordel for gardslivet. Dei vel Todd, og 80 hektar med død mark ein time utanfor storbyen.

Klimaet utfordrar landbruket

Med lite kunnskap om å drive ein gard, får dei hjelp av Alan York. York er ekspert på tradisjonelt landbruk. Han lærer dei alt han kan om jordbruk og biologisk mangfald. Dei skaper etter kvart eit mikrokosmos, og på kort sikt kan det sjå ut som dei kan leve i harmoni med naturen.

Men harmonien er skjør. Gode intensjonar beskyttar ikkje mot naturen sin forgjengelegdom. Klimaet utfordrar, og jo meir frukter, jo fleire skadedyr. Men i staden for å utrydde skadedyr, skjønner paret etter kvart at alle skadedyr er naudsynte for at økosystemet skal bestå.

Klimadokumentar

Utan å nemne global oppvarming eller forureining, klarer likevel The Biggest Little Farm å vere ein svært relevant klimadokumentar. Han viser korleis det er mogleg å rette opp igjen skadar på miljøet.

Utan å seie det i klartekst, forsøker dokumentaren å oppfordre deg som ser filmen til refleksjon. Til dømes gjennom å tenkje over kva små endringar du sjølv kan gjere i ditt eiget mikrokosmos.

CC BY-SA 4.0Skrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 29.01.2020