Hopp til innhald

Spelefilm

Rabbit-Proof Fence

I 1931 blir tre aboriginske jenter bortført frå familiane sine av australske styresmakter og plasserte på ein barneheim. Jentene rømmer og prøver å finne vegen heim til familien ved å følge eit fleire hundre mil langt kaningjerde.

Om filmen

Filmen er basert på boka Follow the Rabbit-Proof Fence om den dramatiske historia til søstrene Molly og Daisy Craig og kusina deira, Gracie Fields. Det er Doris Pilkington, Molly Craigs dotter, som har skrive boka.

Handlinga i filmen speler ut seg i Vest-Australia i 1931. Australske styresmakter passar på at alle barn av såkalla halvkaste, med til dømes kvit far og aboriginsk mor, blir fjerna frå familien sin og plasserte i eigne barneheimar.

Det er dette som skjer med dei tre jentene Molly, Daisy og Gracie. Jentene kjem frå Jigalong-stammen og er ørkenfolk. Ein dag kjem ein politimann i ein bil og tek dei med seg til ein stad langt unna som heiter Moon River. Her er det streng disiplin. Jentene blir tvinga til å snakke engelsk, og dei får ikkje lov til å reise heim igjen.

Med Molly i spissen bestemmer jentene seg for å rømme frå Moon River. Dei set ut på ei farleg og slitsam ferd langs eit 250 mil langt kaningjerde, med både politi, stifinnarar og dusørjegerar hakk i hæl.

Den stolne generasjonen

Rabbit-Proof Fence er ein viktig film som kastar lys over ei mørk side av Australias historie.

Heilt fram til 1970 blei mange aboriginske barn frå heile Australia ført bort frå foreldra sine med makt. Desse barna blir ofte kalla den stolne generasjonen, fordi styresmaktene tok dei bort frå familiane mot deira eigen vilje og prøvde å få dei til å gløyme sitt eige språk og sin eigen kultur.

Mange aboriginar lir framleis på grunn måten dei har blitt behandla på av styresmaktene, og det har påverka både identitet og familieliv til fleire generasjonar.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 09.02.2023

Læringsressursar

Urfolk