Hopp til innhald

Spelefilm

Ellos eatnu – La elva leve

Ellos eatnu – La elva leve tek utgangspunkt i Alta-saka på 70-talet. Filmen gir eit intimt innblikk i oppgjeret samane tok med den norske staten for å behalde rettane sine og landet sitt.

Handlinga

Ester flyttar til Alta for å jobbe som lærarvikar. Ho held den samiske bakgrunnen sin skjult for både kollegaer, elevar og resten av verda.

Ein dag blir ho med fetteren sin til ein protestleir der både samar og miljøaktivistar demonstrerer mot eit vasskraftverk i Altaelva som regjeringa planlegg å bygge.

Dette blir starten på ei reise der Ester gjenoppdagar dei samiske røtene sine og blir fylt av kampånd.

Historiske hendingar

Filmen er ein fiksjonsfilm som tek utgangspunkt i faktiske historiske hendingar.

På denne måten får du ikkje berre lære meir om dei historiske hendingane, men du får òg eit nært innblikk i skjebnen til dei menneska som vart utsette for diskriminering.

Aktuell film

Ellos eatnu La elva leve gir innsikt i korleis det var å vere samisk i Noreg få tiår etter at fornorskingspolitikken avtok på 50-talet.

Filmen fortel òg historia om den største sivile ulydnadsaksjonen til samane, noko som seinast i 2023 var eit høgaktuelt tema då det vart demonstrert mot utbygging av vindmøller på Fosen.

Hovudrolleinnehavar Ella Marie Hætta Isaksen er sjølv aktivist og stod i bresjen under Fosen-demonstrasjonane i 2023.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 17.01.2024

Læringsressursar

Urfolk