Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Familiebildet

Bestemora til regissør Yvonne Thomassen over 90 år og har berre eitt ønske før ho døyr – at ho skal klare å samle dei seks barna sine til eit nytt familiebilete. Etter å ha lagt lok på den samiske identiteten sin i mange år, er familien splitta og lite villige til å bli samla.

Om filmen

I Familiebildet får vi servert eit ærleg og personleg portrett av ein familie som har skjult ein mørk hemmelegheit etter andre verdskrigen.

Då bestemora var ung småbarnsmor, blei ho og familien drivne på flukt av tyskarane under andre verdskrigen. Heile Finnmark blei sett i brann og utsletta. Ho, mannen hennar og dei tre små barna deira måtte flykte. I tre veker var dei på flukt i ein liten sjark, og familien levde som flyktningar i over eit år. Dette pregar henne framleis.

Vonde minne frå tvangsevakueringa i Finnmark har gjort at bestemor og dei seks barna hennar snakkar lite saman i dag.

Samiske røter

Det er ikkje berre krigen som har sett spor. Fornorskingspolitikken etter krigen gjer at besteforeldra også legg lok på dei samiske røtene sine, for å halde familien samla.

Regissør Yvonne Thomassen prøver å ta opp den samiske tilknytinga til familien med bestemora og fleire i familien, og dei har alle ulik oppfatning av den samiske bakgrunnen deira. Gjennom prosjektet med å samle familien ser vi at regissør Thomassen også sjølv blir meir og meir knytt til den samiske identiteten sin.

Denne dokumentaren vann publikumsprisen under Eurodok i 2013.

Relatert innhald

Samisk film er i vinden, og det lages stadig flere samiske filmer av samiske filmskapere.

Samiske filmar kan styrke samfunnet si forståing for samisk kultur og historie. Dei kan også bidra til opplevingar av fellesskap blant samane sjølv.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Urfolk