Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Min datter terroristen

Kva fører til at eit menneske er villig til å ofre livet sitt for ei sak ho meiner er større enn seg sjølv? Dette er noko av det som blir belyst i Min datter terroristen. Filmen blir i dag vurdert som eit stykke pionérarbeid frå regissøren Beate Arnestad.

Om filmen

"Skapinga" av ein sjølvmordsbombar blir beskriven gjennom nære og personlege intervju med to "svarte tigrar" i Liberation Tigers of Tamil Eelam, Darshika og Puhalchudar, og med mora til Darshika.

Filmen reiser spørsmål rundt kva som fører til at eit menneske er villig til å ofre livet sitt for ei sak ho meiner er større enn ho sjølv. Kva er eigentleg ein terrorist? Kva er forskjellen på ein terrorist og ein fridomskjempar? Når kjennest det legalt for eit menneske å drepe seg sjølv for å drepe motstandarane?

CC BY-NC-SASkrive av Ingrid Dokka og Norsk filminstitutt. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021

Læringsressursar

Trugslar mot demokratiet