Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Karl Marx City

Petra Epperlein tek oss med på ei reise tilbake til eit Aust-Tyskland frå barndommen sin og til livet i det tidlegare DDR (Deutsche Demokratische Republik). Ho ønskjer å forstå kvifor faren valde å avslutte livet sitt. Kan det ha hatt noko å gjere med forholdet hans til Stasi?

Om filmen

Tidleg i januar 1999 valde Petra Epperleins far å avslutte sitt eiget liv. Alt han etterlét seg var eit brev og eit postkort. Epperlein og familien sit igjen med mange usvarte spørsmål.

Det går rykte om at faren hadde ei fortid som informant for Stasi, det hemmelege politiet i DDR. Epperlein leitar etter svar i Stasi sine arkiv og gjennom å rekonstruere kvardagslivet i DDR.

Filmen inneheld utdrag frå frigitt overvakingsmateriale, samt radiosendingar og propagandafilmar som blei produserte av Stasi.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 09.06.2020

Læringsressursar

Trugslar mot demokratiet