Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Fahrenheit 11/9

Niande november 2016 vart Donald Trump vald til å bli den 45. presidenten i USA. Korleis kunne det skje? Det er blant spørsmåla dokumentarskapar Michael Moore tek opp i Fahrenheit 11/9.

Om filmen

Michael Moore er ikkje ukjend med å rekkje ein finger til konservative republikanarar, men i denne dokumentaren slepper ikkje nokon av dei politiske fløyene i USA unna.

Med utgangspunkt i hendingar som vasskandalen i Flint og skuleskytinga ved Parkland High School, rettar Moore kritikk mot langt fleire enn Donald Trump i det politiske USA.

Og kva er hovudbeskjeden hans? Noko er riv ruskande gale med demokratiet og måten USA blir styrt på.


CC BY-SASkrive av Ida Marie Stokkelien.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Trugslar mot demokratiet