Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er historisk statistikk?

Historisk statistikk er statistikk om tema og lange tidsseriar eit stykke tilbake i tid. Det er vanleg å seie at statistikk er historisk om han går om lag 30 år tilbake.
Graf frå Statistisk sentralbyrå som viser utviklinga av folketal frå 1735 til 2021. Hovudgrafen er folketal, men det er også grafar som viser utviklinga av døde, fødde, ulike sjukdommar, utvandring og innvandring i den same perioden. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historisk statistikk

Historisk statistikk er statistikk som omhandlar tema eit stykke tilbake i tid, som til dømes kor mange som vart fødde i Noreg i 1900, eller kor mange som døydde av tuberkulose i 1950. Historisk statistikk omfattar òg lange tidsseriar som går tilbake i tid. Statistikken over folketalet i Noreg er eit døme på det.

Kor lang ein tidsserie skal vere eller kor langt tilbake vi må gå for at ein statistikk skal vere historisk, finst det ikkje noko eksakt svar på, men det er vanleg å seie om lag 30 år, altså statistikk frå rundt 1990 og tidlegare.

Kvar finn du historisk statistikk?

Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer i dag alt innhaldet sitt løpande på nettstaden ssb.no, mens alle eldre utgivingar frå 1828 til 2000 er digitaliserte og gjort tilgjengelege i PDF-format frå nettstaden. Denne samlinga blir òg kalla "Historisk statistikk".

Statistisk sentralbyrå: Historisk statistikk

Korleis finn du fram i dei historiske publikasjonane?

Inndelinga er tematisk. Det første temaet heiter "Oversikter", og det kan vere ein bra stad å starte. Her finst mellom anna

  • historisk statistikk (gitt ut i 1968, 1978 og 1994) med lange tidsseriar for dei fleste tema

  • statistiske årbøker, som vart gitt ut årleg i perioden 1880 til 2013

Framsida til Historisk statistikk på nettsidene til Statistisk sentralbyrå. Ulike tema er illustrerte med ikon. Tema er Oversikter, Geografiske forhold og miljø, Befolkning, Helse og sosiale forhold, Arbeid og lønn, Personlig økonomi og boforhold, Nasjonal økonomi og priser, Jord, skog, jakt og fiske, Næringer, Transport, kommunikasjon og reiseliv, Utdanning og kultur, Valg og rettsforhold. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg til oversiktene finn du andre tema som "Befolkning" og "Arbeid og lønn". Her kan du klikke deg vidare inn til enkeltpublikasjonar. Du kan til dømes klikke deg inn på "Befolkning", deretter på "Folkemengde og befolkningsendringer", deretter "Folkemengdens bevegelse 1926–1950" og til slutt på "Folkemengdens bevegelse 1933". I ein slik publikasjon kan du i tillegg til folketalet for det valde året, finne informasjon om val, industri, post- og bankvesen, fiskeri og bergverksdrift, tilstanden på skulen og mykje meir.

Tips

Dei gamle publikasjonane har ei innhaldsliste. Bla deg fram til ho for å sjå kva som finst i publikasjonen. Eit alternativ er å bruke CTRL + F og søkje på det du er ute etter, til dømes fisk eller skule. Hugs at dei kanskje brukte andre nemningar enn i dag, folkeskule i staden for barneskule og så vidare.

Under dei tematiske inngangane er det fleire inngangar under overskrifta "Mer historisk innhold".

Til dømes er "Statistikkbanktabeller" med lange tidsseriar ein nyttig inngang der du får moglegheita til å lage eigne, lange tidsseriar

Noregshistorie fortalt gjennom statistikk

Som du skjønner, inneber historisk statistikk litt gravearbeid, men desto meir gøy er det når ein finn fram til noko interessant, anten det er noko om korleis forholda var før i tida, eller du ser korleis noko har utvikla seg frå langt tilbake og fram til i dag.

SSB lagar statistikk til nytte for samfunnet. Kva som er til nytte for samfunnet, endrar seg over tid. Nokre statistikkar er ikkje lenger aktuelle og blir avslutta, mens nye statistikkar blir oppretta for å avdekkje nyare samfunnsforhold.

Ein legejournal på en leprapasient ved Reitgjerdet i Trondheim. Det er fylt inn informasjon og diagnose for hand. Det er også eit bilete av den sjuke, som mellom anna har dårlege auge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit døme: Fram til 1940 laga SSB statistikk på tilfelle av spedalske, eller leprapasientar, som vi seier i dag. Det var ein alvorleg og stigmatiserande sjukdom som prega samfunnet. Til dømes var det eigne lepralover med mellom anna restriksjonar for ekteskapsinngåingar. Førekomsten av lepratilfelle var viktig, og SSB gav ut årlege oversikter. Sidan 1950-talet har det vore effektiv behandling mot sjukdommen, og ein eigen statistikk var ikkje lenger aktuell i Noreg.

Folketeljingane

Norske folketeljingar (ssb.no) inneheld opplysningar om alle personar som budde i Noreg på ein bestemd dato i eit bestemt år. Den første folketeljinga i Noreg vart gjennomført i 1769. Hos SSB finn du statistikken frå folketeljingane, mens hos Digitalarkivet (digitalarkivet.no) finn du personopplysningane (men berre frå minst 100 år tilbake på grunn av personvern).

Framsida på Norske folketellinger på SSBs Historisk statistikk. Her er alle folketeljingar mellom 1769 og 2011 illustrerte med bilete. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fram til 1970 vart folketeljingane gjennomførte med teljarar og manuell registrering. Folketeljingane vart gjennomførte kvart tiande år og var eit stort og krevjande arbeid. I dag merkar du ikkje at du blir tald. I 1964 vart det oppretta eit sentralt folkeregister. Når SSB gjennomfører ei folketeljing, hentar dei alle opplysningar frå Folkeregisteret og andre administrative register.

Kva kan du bruke folketeljingane til? Folketeljingane gir eit unikt innblikk i samfunnet på den tida teljinga vart gjennomført. Du vil finne tal i form av tabellar, men òg mange skildringar og forklaringar til tala. Frå 1960 vil du i kommunehefta til folketeljingane finne detaljert informasjon ned på kvar enkelt bygd/grunnkrins i Noreg.

Sjølv om det skal gjennomførast folketeljing i 2021, er det meste i folketeljingane i dei seinare åra vorte betre dekt av annan statistikk.

Annan historisk statistikk

SSB er hovudprodusenten av offisiell statistikk i Noreg, men andre offentlege institusjonar gir òg ut statistikk, òg historisk statistikk. Her kan nemnast NAV sin Historisk statistikk om arbeidsmarkedet (nav.no) og Noregs Bank sin Historisk monetær statistikk (norges-bank.no) som mellom anna inneheld svært lange tidsseriar for konsumprisar, husprisar og lønningar.

Kjelde

Folkehelseinstituttet (2019, 2. februar). Lepra (spedalskhet). https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/lepra-spedalskhet---veileder-for-he/#forekomst-i-norge

CC BY-SASkrive av Camilla Stabell og Ingrid Modig. Rettshavar: Statistisk Sentralbyrå
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Tal og statistikk i historiefaget