Hopp til innhald

Fagstoff

Kvalitativ og kvantitativ metode

Når du skal bruke kjelder i historiefaget, er det viktig å vite noko om kva slags metodar historikarar brukar. Her skal vi sjå på skilnadene på kvalitativ metode og kvantitativ metode.
folketellingen 1769. Foto av kilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvalitativ metode

Gjennom intervju, deltakande observasjon og tekstanalysar er dette ein metode for å undersøkje korleis hendingar og røynsler har meining for dei som opplever dei, og korleis dei blir oppfatta av andre. Historikarar brukar som oftast skrivne kjelder, då det ikkje er mogleg å intervjue personane. Samtidshistorie vil i mange tilfelle også bruke intervju som metode.

Ulempa med kvalitativ metode er at materialet ofte berre fortel frå ståstaden til éin eller nokre få personar. Dette gjer det vanskeleg å trekkje ålmenne konklusjonar for fleire enn akkurat dei det gjeld. Fordelane er mellom anna at vi kan få meir inngåande innsikt i motivasjonar og drivkrefter bak personar sine handlingar.

Kvantitativ metode

Kvantitative metodar brukar tal og einingar som kan målast, som utgangspunkt for analysar. Eit sentral verktøy er statistikk, og resultata blir gjerne framstilte i tabellar, grafar eller andre statistiske framstillingar. Kvantitative metodar kan gjere det mogleg å få meir overordna kunnskap om større grupper.

Ulempa med kvantitative metodar er at dei kan gje for ålmenne bilete, og at det kan vere svake kjelder i datamaterialet som blir usynlege i mengda og analysen.

Fordelen med denne metoden er at han kan gje eit meir overordna bilete av situasjonen vi undersøkjer. I begge tilfella er det viktig å kjenne til sterke og svake sider i kjeldematerialet vi brukar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 13.09.2017

Læringsressursar

Tal og statistikk i historiefaget