Hopp til innhald

Fagstoff

Svake sider ved kvantitativ metode

Det er ikkje problemfritt å bruke kvantitative metodar. Vi må vurdere om vi kan stole på materialet, om det er representativt, og om vi faktisk kan bruke det til den analysen vi skal gjere.
Et kontor i Storbritannia for masseobservasjon og spørreundersøkelser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kan vi stole på kjelda?

Før vi går i gang med ein historisk analyse, må vi vurdere om vi kan stole på kjeldematerialet vi skal bruke. Vi må til dømes vurdere om kjelda snakkar sant, eller kanskje rett ut lyg, eller om ting har vorte utelate anten med vilje eller ikkje.

Om vi til dømes arbeider med historiske skattelister, må vi gå ut frå at i alle fall nokre personar har halde formuar skjulte for å sleppe skattlegging. Sidan det var skatt på varehandel og skipsanløp, må vi nok også gå ut frå at dette er tilfellet for materialet vi finn i tollarkiva. Dette kan vi finne støtte for i kvalitative undersøkingar av rettsprotokollar som fortel om fleire tilfelle av skattesvik og smugling.

Stundom har også dei som opphavleg skreiv ned kjelda anten vore unøyaktige, slik at det har komme skrivefeil, eller rett og slett gjort ein slett jobb. Som døme på det siste har ein i arbeid med digitaliseringa av tollmateriale for norske hamner oppdaga at skrivaren i Trondheim i 1794 gjorde ein slett jobb. Han skulle ha summert alle varene som kom til hamna frå utlandet, men valde i staden å kopiere av protokollen frå 1792, likevel med nokre justeringar så det ikkje er absolutt identisk. Om dette var på grunn av latskap eller uhell, veit vi ikkje. I praksis tyder det at når vi brukar tollmaterialet frå Trondheim for dette året, må vi vere nøye med å gjere det klårt for publikum at dette er ei svak side ved materialet.

Det kan også oppstår situasjonar der vi rett og slett ikkje forstår kva noko i kjelda tyder. Det kan vere ord eller samfunnstilhøve som har vorte så endra over tid, at vi ikkje lenger kjenner dei. Ved slike tilfelle er det viktig å gjere klart det vi er usikre på, ikkje berre det vi er sikre på. Om vi skal bruke datamateriale som andre har behandla, er det også eit poeng å vurdere om desse kan ha skrive av feil, eventuelt teke val som har gjort at kjelda har vorte mindre nøyaktig.

Er kjelda representativ?

Vi må også vurdere om kjeldene vi brukar, er representative. Det er særleg eit problem for historiske kjelder at ting ofte har gått tapt. Brann i arkiva, embetsmenn som har mist protokollar over bord under ein storm medan dei var på reise i distrikta sine, eller overivrig rydding som har ført til at ting har vorte kasta. Ofte har rett og slett dårleg lagring resultert i at materialet har vorte øydelagt av mugg, eventuelt, i varmare delar av verda, vorte ete av termittar. Mange arkivarar fryktar at vi får eit problem i framtida med at det digitale materialet i dag ikkje kan lesast av framtidige historikarar med framtidige dataprogram. Folk og institusjonar kan også rett og slett ha mist eller sletta arkiv og bevaringsverdig materiale når dei har bytt datamaskiner eller program. Vi kallar slike hol i arkivseriar for lakuner.

Statistiske kjelder er også avgrensa av at dei fortel avgrensa om nokre grupper. Eitt døme er folketeljingar der det lenge ikkje var vanleg å notere ned yrka til gifte kvinner. Yrka til menn vart derimot stort sett noterte. Ei slik skeivregistrering skjuler kvinnene sitt økonomiske bidrag til familien. Ved slike tilfelle må vi vurdere og diskutere kvar einskild kjelde, avgjere om vi kan bruke henne i analysen vi skal gjere, og tydeleggjere eventuelle atterhald.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 06.09.2017

Læringsressursar

Tal og statistikk i historiefaget