Hopp til innhald

Fagstoff

Næringsliv og handel i dansketida

I dansketida var dei aller fleste nordmennene bønder og fiskarar. I løpet av perioden voks det fram fleire nye næringsvegar, og handelen med utlandet auka.
Stor foss. Menn jobbar med trelast i forgrunnen. Tre personar i fine klede står og ser på fossen. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jordbruk

Omtrent 90 % av befolkninga var tilknytta jordbruket gjennom heile perioden. Det var lita utvikling i måten jordbruket blei drive på, men det skjedde ein del endringar i kven som eigde jord. Ved reformasjonen overtok kongen all jorda til kyrkja. Utover på 16- og 1700-talet selde kongen unna mykje av jorda for å dekkje statsgjeld. Dette førte til at stadig fleire bønder blei sjølveigarar og færre var leiglendingar. Med befolkningsvekst på 1700-talet blei det lite jord igjen. Husmannsvesenet voks fram som ei løysing for dei mest fattige. Ein familie kunne disponere eit lite jordstykke, gjerne i utkanten av eit gardsbruk. Leige blei betalt i form av pliktarbeid hos bonden.

Fiske

Fiske var ei viktig næring langs kysten, spesielt i Nord-Noreg. Dei fleste var fiskarbønder, det vil seie at dei levde av ein kombinasjon av fiske og jordbruk. Mens mennene var ute og fiska, tok gjerne kvinnene seg av gardsdrifta. Fisken blei seld til kjøpmenn på Vestlandet og vidare til Europa som tørrfisk. På 1700-talet byrja ein å produsere klippfisk på Nordmøre. Dette var ein ny måte å konservere fisken på som var betre betalt enn tørrfisk. Fiskeri var eit farleg yrke, og mange døydde på havet. Ikkje sjeldan blei fiskarane lurt av kjøpmennene, og mange blei bunde til enkelte kjøpmenn på grunn av gjeld.

Bergverk

I tillegg til desse tradisjonelle næringane dukka det opp nye næringar i perioden. Kong Christian 4. blei kalla ”kongen som oppdaga Noreg” fordi han såg det økonomiske potensialet som låg i landet. På hans initiativ starta ein utstrekt gruvedrift i Noreg på byrjinga av 1600-talet. I dei norske bergverka blei det hovudsakleg vunne ut jern, kopar og sølv.

Skogbruk og trelasthandel

Skogbruket opplevde stor utvikling. Dette gjorde seg spesielt gjeldande frå 1500-talet då ein tok i bruk ei ny sag, oppgangssaga, driven av vasskraft. Noreg hadde gode føresetnader for å drive sagbruk og handel med trelast. Tømmeret blei hogge på vinteren, drege ut på isen og fløta nedover vassdraga når isen gjekk. Vasskraft til sagene var det nok av. Den norske skipsfarten voks seg stor, mykje på grunn av trelasthandelen. Utover på 1600-talet blei det innført eigne privilegium på sagbruksdrift, handel og transport av trelast. Utbyttet av trelasthandelen blei dermed samla i ein liten overklasse. Trelasthandelen førte òg til byvekst, spesielt i hamnebyane.

Handverk og tidleg industri

I byane var ulike typar handverk eit vanleg levebrød. Her var det til dømes ulike smedar, snikkarar, skomakarar og skinnarbeidarar. Kven som helst kunne ikkje bli handverkar. Dette var eit arbeid som var reservert for menn, og ein måtte gå i lære hos ein meister for å kunne bli ein sveinn, slik det framleis er i ein del handversyrker i dag. Handverkarane var organiserte i laug som passa på at dei hadde monopol på handverket sitt. Noko av produksjonen kunne minne om tidleg industri, men industri i større skala med fabrikkar og maskiner kom først på 1800-talet i Noreg.

Relatert innhald

I Noreg var fisk ein nesten uuttømmeleg ressurs for dei som budde langs kysten, og fisk var ein viktig eksportvare.

Jordbruk var det viktigaste levebrødet for hovuddelen av den norske befolkninga gjennom heile perioden 1500–1800.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2020

Læringsressursar

Dansketida