Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: Dansketida

I fleire hundre år var Noreg underlagt dansk styre. Denne perioden blir gjerne kalla for dansketida.
Portrett av Christian 4. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrepet "dansketida"

"Dansketida" har negativ klang i norsk historie, og viser til ein periode der landet var i union med eller var underordna Danmark. Noreg hadde felles konge med Danmark heilt frå 1380, og i 1536 vart Norge formelt direkte underlagt dansk styre, og det norske riksrådet vart oppløyst. Slutten på dansketida er meir allment kjend. 17. mai 1814 var ikkje Noreg lenger underlagt dansk styre, men vi fekk ein eigen konge og ei eiga grunnlov. Det tok likevel ikkje lang tid før vi kom i ein ny union med Sverige. I denne unionen var Noreg mykje meir sjølvstendig enn vi hadde vore under dansketida, og derfor snakkar vi som regel ikkje om "svensketida", sjølv om denne unionen varte i nesten hundre år, til 1905.

Ut av mellomalderen

På 1000-talet gjekk Noreg ut av vikingtida og den norrøne religionen og inn i mellomalderen med innføringa av katolsk kristendom. Gjennom heile mellomalderen prega katolsk kristen tru folk sine liv og kultur frå vogge til grav. Den katolske kyrkja, med paven i Roma på toppen, hadde stor makt i heile Europa. Med reformasjonen i 1536–37 fekk Noreg ei ny form for kristendom: den lutherske. Dette markerer slutten på mellomalderen i Noreg og skjer samtidig som vi blir underlagd Danmark og mistar sjølvstende.

Frå adelsvelde til einevelde

Ei av dei viktigaste hendingane i dansketida var eit statskupp i 1660. Før 1660 hadde Danmark-Noreg vore styrt av kongen og adelen i samarbeid. Adelen var ein overklasse som hadde arva posisjonen sin. Dei hadde krav på alle viktige stillingar i samfunnet og hadde fritak frå skattar. Kongen styrte i samråd med eit råd av adelsmenn kalla riksrådet. Etter kuppet i 1660 blei kongen eineveldig. Det vil seie at han kunne styre heilt på eiga hand utan samtykket til adelen. Tida under direkte dansk styre kan altså delast i to periodar: Eit adelsvelde frå 1536 til 1660 og eit einevelde frå 1660 til 1814.

Danmark-Noreg

Riket som låg under den danske kongen blei under dansketida kalla for Den danske krone, Tvillingrika eller berre Danmark. Det er først i nyare tid at ein har byrja å kalle det for Danmark-Noreg. Omgrepet "dansketida" oppstod òg etter at perioden var over.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020

Læringsressursar

Dansketida