Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Påverknaden frå den europeiske ekspansjonen

I denne oppgåva skal du velje deg eit av dei oversjøiske områda der europearane ekspanderte gjennom handel og utforske utviklinga i dette området.

Oppgåve

Gå saman i små grupper på to eller tre, og vel dykk eit av dei oversjøiske områda der europearane ekspanderte. De skal så lage ein presentasjon basert på det de finn ut om området de har valt. Det er valfritt korleis de vil presentere innhaldet dykkar. Det kan vere ein vanleg PowerPoint eller Prezi, film, lyd, ei veggavis, eller kanskje ei blanding?

Her er nokre spørsmål som kan hjelpe dykk når de skal undersøkje emnet:

  • Kva for eit europeisk land etablerte seg her? Var det fleire?

  • Kvifor valde europearane å starte handel her?

  • Korleis påverka dette befolkninga i det valde området?

  • Korleis vart den lokale kulturen påverka av kontakten med europearar?

  • Korleis utvikla forholdet seg mellom europearane og den lokale befolkninga?

  • Vart det litt meir enn ein handelskoloni (økonomisk, militær eller politisk betydning)?

  • Kva for nokre negative konsekvensar fekk det for europearane på kort sikt? Var det nokon positive konsekvensar?

Filmen på denne sida og artiklane om emnet her på NDLA er nyttige kjelder til denne oppgåva.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2021

Læringsressursar

Oversjøisk ekspansjon og kolonisering