Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva var oversjøisk ekspansjon?

Frå ca. 1500 til slutten av 1700-talet vart Vest-Europa knutepunktet i eit globalt nettverk som vi kjenner som europeisk, eller oversjøisk, ekspansjon. Dette tok først form av oppdagingar og erobringar av landområde, men etter kvart vart erobrarar avløyste av handelsinteresser.

Drivkrefter

Ei viktig drivkraft bak ekspansjonen var ønsket til europearane om å finne nye verdiar i form av gull, sølv og andre edle metall. I tillegg ville europearane finne sjøvegen til Asia, der det fanst varer som krydder og silke, som kunne seljast for store summar i Europa. Forbetringar i navigasjonsmetodar og skipsteknologi gjorde det tryggare å segle i framande farvatn, og dermed kunne europeiske oppdagingsreisande leggje ut på lange sjøreiser.

Europa var altså knutepunktet i det nye globale nettverket. Det vart utveksla matvarer og andre varer, dyr, plantar, idear og sjukdommar mellom kontinenta. Utvekslinga fekk store konsekvensar både på kort og lang sikt.

Kulturmøte

I Afrika tilpassa samfunna seg den europeiske etterspurnaden. I Asia skjedde kontakten med europearane lenge på vilkåra til dei asiatiske samfunna, sjølv om kontakten med europearane nok var årsak til mykje ustabilitet på 1700-talet. I Amerika vart mesteparten av den opphavlege befolkninga utrydda, og nye samfunn vart bygde på europearane sine premissar.

Sjølv om europearane var dei som tok initiativet til kontakt med andre kontinent, og også var sentrum for det globale nettverket, er det viktig å presisere at befolkninga på dei andre kontinenta ikkje var passive. Det var ikkje europearane åleine som sette premissane for utviklinga. Samfunna dei møtte, valde sjølv korleis dei skulle møte europearane. Historia om den europeiske ekspansjonen er derfor også historia om kulturmøte, og om korleis dei kan gå føre seg på ulike måtar, med svært ulike ringverknader.

CC BY-SA 4.0Skrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 08.04.2021