Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er brennevin?

Brennevin er drikkevarer som inneheld meir enn 22 volumprosent alkohol. Det er alkohollova som set grensa for kva som blir rekna som brennevin.
Raud drink i glas med appelsinbåt hengjande over kanten på glaset. Drinken står på ein bardisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst mange ulike typar brennevin. For å lage brennevin krevst det ei råvare som inneheld sukker, eller stivelse som kan gjerast om til sukker. Vi kan derfor lage brennevin av mange ulike typar råvarer, mellom anna druer, poteter, korn og frukt.

Når vi lagar brennevin, destillerer vi ei alkoholholdig væske i eit destillasjonsapparat. Apparatet produserer ikkje alkohol, men konsentrerer den alkoholen som allereie finst i væska.

Ulike typar brennevin

Vi skil mellom naturleg brennevin, der produktet har smak av råstoffa det er laga av, og aromatisert brennevin, der det blir tilsett smaksstoff.

Døme på naturleg brennevin

  • konjakk, armagnac og grappa, som blir laga på druer

  • skotsk whisky, som blir laga på malta bygg

  • rom, som blir laga på sukkerrøyrmelasse

  • enkelte fruktdestillat, som blir laga på gjæra fruktsaft (til dømes calvados, som blir laga på eple)

Aromatisert brennevin blir laga av eit nøytralt brennevin som får smak etter dei smaksstoffa som blir tilsette.

Døme på aromatisert brennevin

  • gin, med smak av einebær

  • akevitt, med smak av mellom anna karve

  • likørar av ulike smakar med markert innhald av sukker

Kva blir brennevin nytta til?

Brennevin kan nyttast som nytingsmiddel åleine, serverast til mat eller blandast til ulike drinkar og cocktailar. Til finare selskap som bryllaup er det vanleg å servere kaffi avec. Det inneber at ein serverer konjakk, likør eller liknande til kaffien.

Brennevin blir òg nytta i matlaging. Du kan tilsetje det i elegante sausar eller supper, eller som ei smakstilsetjing i kaker, konfekt og dessertar. Og sjølvsagt når du skal flambere ein rett. Tidlegare vart brennevin mykje nytta som medisin.

Film om brennevin

I denne filmen kan du sjå korleis ein bartender nyttar ulike brennevinstypar til å lage tre ulike cocktailar.

Servering av brennevin

Brennevin utviklar seg lite på flaske, men skal du lagre det over lengre tid, bør du oppbevare flaska ståande, beskytta mot sterk sol og varme. Brennevinet endrar karakter ved ulike temperaturar. Lyst brennevin kan serverast lett avkjølt, mens mørkare kan serverast ved normal romtemperatur. Avkjølt brennevin luktar og smaker mindre, men verkar ofte friskare.

Brennevin blir servert i einingar à 2 eller 4 cl. Det er forbode å selje eller skjenkje alkoholholdig drikke med 22 volumprosent alkohol eller meir til personar under 20 år.

Ulike typar glas som kan brukast til å servere brennevin, står ved sida av kvarandre på eit bord. Foto.

Kjelde

Teien, T. R. (2021). Brennevin. I Store norske leksikon. Henta 14. juni 2021 frå https://snl.no/brennevin

Relatert innhald

Føremålet med alkohollova er å regulere innførsel og omsetning av alkoholhaldige varer.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Alkoholhaldige drikkar