Vel anten filet av torsk/hyse eller laks før du løyser oppgåva.
Del 1. Tillagingsteknikkar
Nemn tre ulike tillagingsteknikkar som eignar seg til fisken du har valt, og forklar korleis du vil gå fram for å få best mogleg kvalitet på det ferdige produktet.
Del 2. Farseprodukt
Tenk deg at du skal lage eit farseprodukt av fisken din. Kva produkt vil du lage, og korleis går du fram? Forklar framgangsmåten.
Del 3. Lunsjmeny
Set opp ein lunsjmeny med ein av tillagingsteknikkane du valde i del 1 eller 2. Du skal òg ha med to garnityr, mettingsgarnityr og saus.
Del 4. Planlegg
Gå saman i grupper på fire personar. Sjå på menyane til kvarandre frå del 3, og vel ein av menyane som de har lyst til å lage. Lag råvareliste og produksjonsplan for denne menyen. Maten skal serverast til alle i klassen.
Del 5. Lag retten
Lag, server og presenter retten de valde i del 4, til heile klassen.