Kva er spekemat og spekepølser?
Det heile byrja med at det var små moglegheiter for å ta vare på ferskt kjøt. Etter slaktetida om hausten blei kjøtet salta, av og til røykt òg. Deretter blei det hengt til tørk på stabburet fram til det var ferdig i mai.
Spekemat er salta, spekte eller tørka heile kjøtstykke som kan vere røykte eller urøykte, til dømes spekeskinke og fenalår.
Spekepølse er produkt med hakka eller kverna reinskore kjøt og feitt tilsett krydder. Det finst òg variantar med innmat og blod.
Fenalår
Fenalår er låret frå får eller lam og finst i fleire ulike variantar. Du kan kjøpe det som eit heilt lår, utan bein eller ferdig oppskore i skiver på brett eller i mindre pakkar.
Spekeskinke
Spekeskinka er den vanlegaste forma for spekemat. Ho er frå låret på grisen og finst i mange variantar og kvalitetar. Heil spekeskinke med bein er stor og kan vere litt uhandterleg å skjere i fine skiver. Til gjengjeld er ho eit godt utgangspunkt for den som vil at skinka skal vare heile sommaren. Ferdig oppskoren spekeskinke i tynne skiver kan ein få i mange ulike utgåver og kvalitetar. Det har kome fleire sortar med modna eller vellagra norsk skinke på marknaden.
Westfaler, eller pæreskinke
Westfaler er heil skinke utan bein, og ho er lett å skjere i tynne skiver. Ho kan kjøpast heil eller ferdig oppskoren i tynne skiver på brett eller i mindre pakkar.
Fårepølse
Fårepølsa er typisk norsk! Ho er laga av hakka kjøt av får eller lam, og kan òg innehalde kjøt frå storfe, svin og geit. Det vanlegaste er å kjøpe ho ferdig oppskoren, men ho finst òg i snabb som ein kan skjere opp sjølv.
Spekekjøt
Spekekjøt er heile stykke av kjøt som er salta og spekt. Det finst spekt reinkjøt, tørka reinkjøt, spekt elgkjøt, spekt hjarte og tunge. Røykt dyrekjøt er i dei fleste tilfella laga av reinskore hestekjøt. Spekekjøtet har lange tradisjonar i Noreg.
Morr
Morr, mørr eller mòrpølse er den gode norske «urpølsa». Ho finst i tallause variantar og består av hakka kjøt, spekk, salt og krydder. Kva slags kjøt som blir brukt, varierer mykje. Får og viltkjøt er vanlegast, men svinekjøt, storfe, innmat og blod med meir blir òg brukt. Morr blir seld i heile kveilar, i ringar, snabbar og ferdig oppskoren.
Svartpølser
Desse pølsene blir gjerne kalla for stabburpølse. I svartpølser blir det brukt reinskore kjøt av sau og lam, storfe og svin, og eventuelt litt hestekjøt. Den mørke fargen kjem av at det er brukt litt blod i blandinga. Pølsene får ein i fleire variantar som heile pølser, skiver og snabb.
«Sydlandske» variantar
I dei seinare åra har det kome ein del norskproduserte spekepølser som har opphavet sitt i Spania, Italia, Tyskland og Frankrike. Dei er ofte litt grovare hakka og litt meir krydra, til dømes pepperoni og chorizo.
Spesialpølser
Mange av dei mindre spekepølseprodusentane bruker lokale råvarer som elg, rein og lam til å lage morosame og spennande produkt: rødvinspølser, snackpølser, ølpølser, viltpølser og snabbar.
Salami
Salami er eitt av dei mest populære pålegga våre. Salami er laga av hakka storfekjøt, svinekjøt, spekk, krydder og kvitløk. Du får han i mange variantar og kryddersmakar, som heile pølser, snabbar eller oppskoren i skiver.