Oppgåve
Kontrollspørsmål om spekemat
Etter å ha jobba med temaet om konservering av kjøtt kan du teste deg sjølv ved å svare på desse spørsmåla om spekemat.
- Kva type dyreslag bruker vi vanlegvis til å lage spekemat av?
- Kan du nemne nokre kjende spekematprodukt?
- Kva typar salt kan nyttast ved produksjon av spekemat?
- Kva for konserveringsmetodar blir brukte ved produksjon av spekemat?
- Kva for konserverande verknad har røyken når vi røyker til dømes kjøtt?