Kva kjøttkake smaker best?
Lag tradisjonelle kjøttkaker etter følgande oppskrift:
Ingrediensar
500 g kjøttdeig
13 g salt
3,5 dl heilmjølk (kald)
20 g potetmjøl
ønskt krydder
Framgangsmåte
Pass på alle råvarene er kalde.
Bruk ein foodprosessor og bland inn saltet i kjøttdeigen.
Spe inn mjølka.
Smak til med valfritt krydder.
Form runde kaker med ei is-skei eller matskei. Steik i steikepanne til dei får farge på begge sider. Legg deretter kjøttkakene på eit steikebrett, og steik dei i varm omn i 8 minutt på 180 gradar.
Lag tradisjonelle kjøttkaker etter følgande oppskrift:
Ingrediensar
500 g kjøttdeig
13 g salt
ønskt krydder
Framgangsmåte
Bruk ein foodprosessor og bland inn saltet i kjøttdeigen.
Smak til med same krydder som i oppgåve 1.
Form runde kaker med ei is-skei eller matskei. Steik i steikepanne til dei får farge på begge sider. Legg deretter kjøttkakene på eit steikebrett, og steik dei i varm omn i 8 minutt på 180 gradar.
Server ei smaksprøve på kjøttkakene laga i oppgåve 1 og 2 til ti personar som skal svare på følgande spørsmål:
Kva kjøttkake smakte best? Kvifor?
Kva kjøttkake hadde best konsistens? Kvifor?
Kva for ei av kjøttkakene vart vinnaren?
Kva meiner du er den største forskjellen på eit farseprodukt spedd med væske og potetmjøl og eit som ikkje er spedd? Er det smak eller konsistens?
Viste smakstesten det same som du meiner?