Oppgåve
Kontrollspørsmål om deigar og farsar
Etter å ha jobba med temaet om produksjon av farsar og deigar kan du teste deg sjølv ved å svare på spørsmåla.
- Kva for typar kjøtt kan vi produsere deigar av?
- Kva ønskjer ein å oppnå ved å tilsetje vatn og salt i kjøttdeig?
- Kva for typar deigar kjenner du til? Nemn minst fire.
- Beskriv dei ulike trinna i hakkeprosessen.
- Kva produkt kan ein lage av kjøttfarse?
- Forklar prosessen frå ferdig farse til ferdig røykt pølse klar for sal.
- Nemn fire forskjellige pølsetypar. Forklar forskjellen mellom dei.
- Kva type tarm kan nyttast til pølseproduksjon?