Hopp til innhald
Fagartikkel

Erter og bønner

Erter og bønner er ei veksande varegruppe i Noreg. Friske erter og bønner blir etne med eller utan belg og inneheld meir protein enn andre grønsaker. Smaken er som regel mild med ein undertone av søtsmak.

Bønner kjem opphavleg frå Peru, der inkafolket dyrka fleire sortar. Frå 1600-talet kjenner vi til dyrking av bønner i Noreg. På den tida var det berre dei tørka frøa som eigna seg som mat. Seinare er det utvikla sortar der dei umogne skolmane eignar seg som grønsak. Ut frå stadiet bønnene er hausta på, skil vi mellom frøbønner (tørre bønner, brune og kvite bønner) og skolmbønner. I Noreg dyrkar vi mest skolmbønner. Det meste som blir dyrka, går til hermetisk produksjon, men ein stadig veksande del blir også omsett som friske grønsaker. Dei mest kjende variantane er aspargesbønner, brekkbønner, snittebønner og voksbønner. Bondebønner, også kalla hestebønner, er ein variant der berre frøa blir etne, og ikkje heile belgen.

Bruksområde

Bønner er grønsaker som er lette å lage til. Vi kan koke dei, smørdampe dei, stue dei eller nytte dei i gryteretter. Bønner er nydelege som grønsaker til kjøtt- og fiskeretter. Bruksområda varierer noko mellom dei ulike variantane.

Næringsinnhald

Bønner er mager kost, men dei er rike på mineral og vitamin. Dei inneheld også protein. For vegetarianarar er bønner eit viktig proteintilskot. Bønner kombinert med brød, korn eller pasta gir like god proteinkvalitet som kjøtt og fisk.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Bønner av alle sortar skal ha sprø, saftige belger (skolmar) som er lette å knekke. Dei må vere tilstrekkeleg utvikla og reine på farge, utan brune flekker. Slappe skolmar skal vi ikkje ha. Bønner skal vere friske, reine og frie for framand lukt og smak.

Hugselappen

Med andre ord:

latin: Pisum, Phaseolus
engelsk: beans and peas
tysk: Bohnen und Erbsen
fransk: les haricots et les pois verts

Slik forvellar du bønner og erter. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0
CC BY-SA 4.0Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020