Sukkererter
Heile belgen kan etast, og smaken er god og søt. Mange tout som dei heiter på fransk, tyder "et alt". Sukkererter er den varianten friske erter som blir mest omsett her hos oss.
Den norske sesongen strekker seg frå juli til august, men dei er tilgjengelege i butikk heile året. Sukkererter bør bli oppbevarte mellom 2 til 4 gradar i kjøleskap, helst i plastpose eller tett plastboks.
Sukkererter blir mest nytta rå i salatar eller som snacks. Stilken og strengelen som ertene heng i, skal fjernast før bruk. Sukkererter kan kokast forsiktig i ca. 2 minutt, slik at dei framleis er sprø, og serverast som delikat tilbehøyr til fjørfe- og kjøttrettar. Dei eignar seg òg godt i wok og stua saman med gulrøter, til dømes serverte til spekeskinke.
Sukkererter skal vere heile og saftrike og utan mekaniske skadar eller mugg. Fargen skal vere friskt grøn.
Erter og andre belgvekstar inneheld mykje protein og er derfor ein viktig del av eit vegetarisk kosthald der belgfrukter erstattar kjøtt som primærkjelde for protein. Dei inneheld vitamin A, B, C og K og minerala fosfor, jern og kalium i tillegg til kostfiber. Vi et sukkererter med belgen, og dei inneheld såleis meir vatn og mindre konsentrert energi og vitamin enn friske, grøne erter.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
I den korte filmen under kan du lære meir om sukkererter og få tips til korleis dei kan bli laga til og serverte.
Med andre ord
engelsk: string pea
tysk: Zuckererbse
fransk: pois mange-tout