Hopp til innhald
Fagartikkel

Mais

Mais slik vi kjenner han i dag, er umodne korn som sit festa til kolben på maisplanten. Dette er ein kornplante som stammar frå Sør-Amerika. Han var ei viktig matkjelde for urfolka på det amerikanske kontinentet.

Eigenskapar og produksjon

Maiskolben består av tettpakka gule kjernar som veks på rekke rundt ein stokk. Ytst finn vi eit hylster av grøne, dekorative blad. Maiskolben blir hausta når kjernane er godt utvaksne, fargen er gul og innhaldet er kvitt og flytande. Safta i kjernen kan likne på mjølk, og smaken er søt og mild. Etter at maisen er hausta, blir sukkeret i han omdanna til stivelse. Han bør derfor lagrast så kort tid som mogleg, helst i kjøpeskap ved mellom 2 og 4 gradar.

I Noreg har vi noko produksjon av mais, og sesongen hos oss strekker seg frå august til september. Berre ein liten del av produksjonen her til lands går gjennom varehandelen. Mesteparten går til selvplukk. På verdsbasis er mais det viktigaste kornslaget. Det kan kjøpast fersk eller konservert på boks i butikken.

Kvalitetskrav

Maiskolbar skal ha tettpakka og fullt utvikla kjernar med frisk og jamn gul farge utan teikn til skadar eller rote. Kjernane bør vere mjuke slik at den mjølkeliknande safta lek ut når du pressar kjernen mellom fingrane. Er maisen dekt med blad, er dette berre ein fordel. Blada vernar kjernane, hindrar uttørking og gjer at maiskolben ser dekorativ ut.

Bruk

Før bruk må maiskolben reinskast for dekkblad og skyljast i kaldt vatn. Er maiskolben heilt nyhausta, kan han etast . Vanlegvis koker vi maisen i ca. 10–12 minutt i usalta vatn. La vatnet renne av, og server deretter med smør og krydder. Kokte kjernar kan òg serverast i salatar eller som grønsak til varmrettar. Mais er nydeleg til grilling i folie, men hugs å pensle med smør først. Vi et gjerne heile maiskolbar med spesielle maisgaflar.

Av mais lagar vi òg maisolje og mjøl. Lefser, chips og popkorn blir òg laga av mais.

Næringsinnhald

Mais inneheld mykje karbohydrat og er såleis ei energirik grønsak. Mais inneheld òg noko mineral og protein.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om mais

I den korte filmen under kan du lære meir om mais og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.

Slik lagar du til mais. Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Zea mays
engelsk: maize, corn
tysk: Mais, Kukuruz
fransk: maïs

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 08.05.2020