Hopp til innhald

Fagstoff

Sitrongras

Sitrongras kjem opphavleg frå India og Sri Lanka. Det er spesielt innhaldet av citral, ein olje som blir nytta i parfymeindustrien og i medisin, som gjer det attraktivt å dyrke denne planten, men han kan òg nyttast som krydder for å gi ein frisk sitronsmak.
Fire sitrongras på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sitrongras ser ut som tjukke grasstrå. Dei er lysegrøne og gule, og det er berre dei nedste 10 til 20 cm av stråa som blir selde. Sitrongras blir mykje nytta i asiatiske retter. Smaken er mild og sitronaktig.

Bruksområde

Sitrongras blir nytta til å setje smak på asiatiske supper og gryter, men blir fjerna før servering. Det passar fint saman med ingefær, chili, kvitlauk og sjalottlauk. Sitrongras kan òg nyttast rå som krydder i salatar for å gi sitronsmak, men må då hakkast opp i små bitar. Det er den nedste kjøtfulle delen som blir nytta.

Næringsinnhald

Vi kjenner ikkje dei ernæringsmessige eigenskapane til sitrongras.

Kvalitetskrav

Sitrongras skal vere heilt og uskadd, utan teikn til uttørking eller ròte.

Hugselappen

Norsk sesong:

Sitrongras blir ikkje produsert i Noreg.

Med andre ord:

latin: Cymbopogon citratus
engelsk: lemon grass
tysk: Zitronengras
fransk: verveine des Indes

Lagring:

0–4 °C

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Stengelvekstar