Asparges, grøn
Grøn asparges blir ikkje tildekt under dyrking, så han får grønfargen fordi han veks fram over jorda i sollys. Smaken er mild og fin. Tjukkleik og lengde kan variere noko frå land til land.
Den norske sesongen strekker seg frå april til juni. Asparges bør oppbevarast kjølig, helst mellom 2 og 4 gradar.
Asparges kan kokast og etast som forrett eller hovudrett. Han har svært aromatisk og fin smak og eignar seg derfor godt som tilbehøyr til steikt og røykt kjøtt og i fiskerettar. Den nedste delen av stilken, omtrent 1–2 cm, skal kuttast av før koking. Asparges blir kokt i 3–5 minutt avhengig av tjukkleiken. Det er ein fordel å bunte asparges saman med hyssing under koking, for då er det lettare å bevare dei heile.
Asparges som blir brukt i mat, er unge skot på planten, cirka 10–15 cm lange.
Aspargesskota skal vere rette i forma og faste i konsistensen. Stilken skal vere saftfull, frisk og sprø, mens toppen skal vere tett og heil. Asparges skal ikkje vere treen eller ha mørke flekkar. Storleiken på aspargesen seier ikkje noko om kvaliteten på vara.
Asparges er svært kalorifattig. Han inneheld noko kalsium, jern og fosfor i tillegg til vitamin A og C. Grøn asparges har dessutan større næringsverdi enn kvit. Asparges verkar vassdrivande.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
I den korte filmen under kan du lære meir om asparges og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.
Med andre ord
latin: Asparagus officinalis
engelsk: asparagus
tysk: Gemüsespargel
fransk: asperge