Hopp til innhald
Fagartikkel

Stongselleri (stilkselleri)

Stongselleri blir òg kalla stilkselleri og er ei toårig urt. Han kjem frå Asia, men var kjend i Europa allereie under Romarrikets stormaktstid.

Utsjånad og lagring

Stongsellerien er i nær slekt med sellerirot, men dannar ikkje knoll. Det er berre den nedste delen av dei lange, saftige og sprø stilkane som er handelsvare.

Fargen kan variere frå lys gul til mørk grøn. Det latinske artsnamnet er graveolens, som betyr "sterkt luktande". Selleri har altså ei kraftig lukt, men ein mild, karakteristisk smak.

Den norske sesongen strekker seg frå juni til desember. Stongselleri bør oppbevarast kjølig, helst mellom 0 og 2 gradar.

Bruksområde

Stongselleri blir brukt rå som tilbehøyr til ost, og som snacks åleine eller saman med dipp. Han blir brukt i salatar, mellom anna waldorfsalat, der han er ein viktig ingrediens. Han kan òg kokast, bli smørdampa eller steikt og blir brukt som tilbehøyr til kjøtt. Stongselleri eignar seg godt til å bruke i wok.

Kvalitetskrav

Stongselleri blir seld med toppen avskore, men bortsett frå det skal stilkene vere heile, sprø og friske. Den skal ikkje ha blaute flekker eller rote. Blada skal ha ein frisk grønfarge.

Næringsinnhald

Stongselleri er kalorifattig, men inneheld mykje kalium. Han inneheld òg noko vitamin B og C, og minerala kalsium, fosfor og magnesium. Selleri har frå gammalt av vore nytta som medisinsk urt, og det blir hevda at han har god effekt på fordøyinga.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om stongselleri

I den korte filmen under kan du lære meir om stongselleri og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Apium graveolens var. dulce
engelsk: celery, celery heart
tysk: Schnittsellerie, Stangsellerie
fransk: céleri à couper

CC BY-SA 4.0Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020