Oppgåve
Eksempelets makt
Kvifor gjer vi så lite for å endre vanane våre for å betre klimaet og miljøet. Diskuter og reflekter over korleis vi blir påverka av menneska rundt oss og kva som motiverer oss til å ta klimavennlege val.
Sjå filmen og svar på spørsmåla
Kvifor meiner klimapsykolog Per Espen Stoknes at mennesket først og fremst er eit sosialt flokkdyr?
Korleis blir vi påverka av menneska rundt oss ifølgje Stoknes?
På kva måte undersøkte forskaren Bob Cialdini kva som motiverer menneske til å handle klimavennleg?
Diskuter korleis dei sosiale mekanismane som Stoknes beskriv, kan utnyttast for å gjennomføre berekraftige miljøtiltak. Gi konkrete døme.
Reflekter over kva for positive og negative konsekvensar miljøtiltak som speler på tendensen mennesket har til samanlikne seg med andre, kan ha.