Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis påverkar sosial ulikskap berekraftig utvikling?

Korleis trur du sosial ulikskap kan påverke ei berekraftig utvikling?
Jente på skule i Burkina Faso. Ho ser i kamera og har skuleuniform på. I bakgrunnen er det fleire elevar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekraftsmåla viser korleis ulike område påverkar kvarandre for å få ei berekraftig utvikling for alle.

Du finn informasjon om FNs berekraftsmål (fn.no) på FN-sambandet sine nettsider. Du kan klikke på kvart mål i grafikken for å lese meir om det.

Oppgåve 1

  1. Kva for nokre av berekraftsmåla handlar om sosial ulikskap?

  2. Finn ut kva dei måla står for.

  3. Kvifor trur du FN har inkludert mål om sosial ulikskap når det gjeld berekraft?

  4. Korleis kan vi jobbe med desse måla lokalt og nasjonalt i Noreg?

Oppgåve 2

Korleis kan sosial ulikskap påverke ei berekraftig utvikling på ein negativ og ein positiv måte? Drøft.

Tenk over om du kan sjå på dette på både individ -og samfunnsnivå.

Tips til kjelder du kan bruke som utgangspunkt for drøftinga di:

FN-sambandet: Mindre forskjell

Folkehelseinstituttet: Sosialt bærekraftige lokalsamfunn

Oppgåve 3

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Berekraftig utvikling