Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftig utvikling i sosiologi og sosialantropologi

Berekraftig utvikling er eit av dei tre tverrfaglege temaa som også skal vere ein del av sosiologi og sosialantropologi. I faget vårt skal vi sjå på berekraftig utvikling i lys av sosiale prosessar og sosial ulikskap.
Stiliserte teikningar i ei sirkelform viser korleis menneske, natur og samfunn påverkar kvarandre. Menneske plantar tre eller risplantar, held ei fiskestang og ei bøtte med fisk, køyrer traktor eller held kvarandre i hendene. Diverse gjenstandar rundt omkring: ei lyspære med ein blomster i, ein paraply med regnbogemønster, ei vekt, blomstrar med hjarteform, eit solcellepanel, fuglar, ein jordklode kopla til eit stetoskop. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er berekraftig utvikling?

Omgrepet berekraftig utvikling stammar frå 1987. Då dukka det opp i rapporten Vår felles framtid, som vart gitt ut av Brundtland-kommisjonen. Eigentleg heitte kommisjonen Verdskommisjonen for miljø og utvikling, og han vart leidd av dåverande statsminister i Noreg, Gro Harlem Brundtland.

Omgrepet handlar om å ha solidaritet med både dei som lever i dag og ikkje minst komande generasjonar ved å anerkjenne at vi berre har éin klode med berre ei viss mengde ressursar. Berekraftig utvikling handlar om at det er i vår felles interesse å ta vare på jordkloden.

Då FNs berekraftsmål vart vedtekne i 2015, var det med ei ny forståing for at økonomi, ulikskap og miljø påverkar kvarandre i større grad enn det vi trudde tidlegare. Det er viktig å finne løysingar som balanserer belastninga på miljøet med forbruket og økonomien, og vi må finne betre måtar å fordele ressursane på.

Berekraftig utvikling i sosiologi og sosialantropologi

I læreplanen for sosiologi og sosialantropologi står det at berekraftig utvikling handlar om "hvordan sosiale handlinger har innvirkninger på og konsekvenser for livsgrunnlaget og sosiale omgivelser nå og i framtiden".

Det tverrfaglege temaet handlar i faget vårt om samanhengen mellom sosiale, teknologiske og økonomiske forskjellar, og om korleis dette kan påverke moglegheitene menneske har til å skape berekraftige samfunn.

Korleis skape berekraftig utvikling?

Ikon som viser FNs berekraftsmål. Illustrasjon.

For å skape berekraftig utvikling må verdssamfunnet jobbe på tre område: klima og miljø, økonomi og sosiale forhold. Det er akkurat desse tinga som òg utgjer det fokuset vi skal ha i sosiologi og sosialantropologi.

I sosiologi har vi mellom anna forskingsområdet miljøsosiologi. Miljøsosiologi handlar om forholdet mellom natur og samfunn, og det skal synleggjere at miljøproblem òg er sosiale problem.

Døme som du kan velje å sjå på om du vil jobbe med miljøsosiologi, er korleis sosiale årsaker påverkar miljøet og klimaet, eller korleis miljøproblem heng saman med alt frå organiseringa av samfunnet og kulturforskjellar til produksjon og arbeid.

Du kan òg sjå på dei ulike berekraftsmåla og ta utgangspunkt i desse. Fleire av måla handlar om emne du vil finne som emne på faget vårt her på NDLA. Det å få utdanning (mål 4) og eit anstendig arbeid (mål 8) heng saman. Mål 8 handlar òg om økonomisk vekst og om korleis ein skaper økonomisk vekst som ikkje påverkar naturen og miljøet. Det å få ei inntekt og skape økonomisk vekst vil ha påverknad på mål 1 og mål 2 om å utrydde fattigdom og svolt. Ansvarleg forbruk og produksjon (mål 12) handlar både om våre eigne val som forbrukarar og det å ansvarleggjere produksjonen av til dømes klede, mobiltelefonar og møblar.


Kjelder

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Berekraftig utvikling