Hopp til innhald
Oppgåve

Miljøsosiologi og berekraftige samfunn

Kva er miljøsosiologi, og korleis kan sosiologi bidra til å løyse problemstillingar som har med berekraftig utvikling å gjere?
Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåve 1. Diskusjonsoppgåve film

I filmen møter du sosiolog og journalist Vilde Blix Huseby, som forklarer kva miljøsosiologi tek for seg, og kvifor miljøsosiologi kan vere ei god og nyttig tilnærming til berekraftsspørsmål.

Sjå filmen, og svar på spørsmåla munnleg eller skriftleg, individuelt eller i gruppe.

  1. Kva handlar miljøsosiologi om, ifølgje sosiolog Vilde B. Huseby?

  2. Natur og klima blir påverka av det vi gjer, både som enkeltindivid og samfunn. Kan du gi nokon døme på korleis vi menneske påverkar natur og klima?

  3. Huseby viser til dei sosiale prosessane bak klesforbruk. Sosialisering er eitt døme på ein sosial prosess. Korleis kan sosialiseringsprosessen vere med på å forklare forbruksmønster?

  4. Huseby snakkar om "bil, biff, Boeing", altså at vi køyrer meir, et meir kjøt og flyg meir. Diskuter på kva måte desse tre kan gi både miljøavtrykk, sosialt avtrykk og klimaavtrykk.

  5. "Bærekraftig utvikling er utvikling som tilfredsstiller dagens behov uten å ødelegge fremtidige generasjoners muligheter til å tilfredsstille sine behov", ifølgje FN-sambandet.

    Diskuter korleis miljøsosiologi kan bidra til å kaste lys over problemstillingar knytte til berekraftig utvikling i eit samfunn.


Oppgåve 2. Undersøking i klassen

Denne oppgåva krev litt førebuing. Klassen skal vere informantar i ei undersøking om klesforbruk. Læraren samlar inn data om klesforbruk anonymt. De og læraren kan ta utgangspunkt i forslaga til spørsmål under, eller de kan lage deira eigne spørsmål.

Læraren kategoriserer og systematiserer svara og lagar ein presentasjon av funna, der informantane er anonymiserte.

Forslag til spørsmål om klesforbruk

Veg kor mange kilo klede du har totalt heime.

Kor mange klesplagg bruker du i løpet av ei veke?

Kor mykje klede kastar du i løpet av eitt år?

Reparerer du klede og sko dersom dei blir øydelagde eller slitne?

Kjøper du brukte klede, og kva er årsakene til at du (ikkje) gjer det?

Sel du brukte klede, og kva er årsakene til at du (ikkje) gjer det?

Kor mykje pengar bruker du i gjennomsnitt på klede kvar månad?

Kvar handlar du vanlegvis kleda dine?

Kva er viktigast for deg når det gjeld kva klede du vel?

Etter presentasjonen av funna i klassen, kan de diskutere spørsmåla under.

  1. Kva er moglege forklaringar på funna i undersøkinga?

  2. Er de representative for all ungdom i Noreg, trur de? Kvifor er de (ikkje) det?

  3. Kva for teoretiske perspektiv kan de bruke for å analysere og drøfte funna vidare?

  4. Klede kan vere ein identitetsmarkør, altså eit uttrykk for kven ein er eller ønskjer å vere. Kjøpepress og normer i ulike ungdomskulturar kan påverke val knytte til klede. Somme hevdar skuleuniformer vil minske kjøpepress og redusere klesforbruket, som i ytringa Geniale skuleuniformer (nrk.no). Kva meiner de?

Oppgåve 3. Skriv eit sosiologisk essay

No er det din tur å bruke den sosiologiske fantasien!

Skriv eit essay med utgangspunkt i tittelen "Berekraftige samfunn – umoglegheit eller moglegheit?".

Essayet skal vise ei sosiologisk/sosialantropologisk vinkling gjennom bruk av fagomgrep og teoretiske perspektiv.

Oppgåve 4. Fordjupingsoppgåve

Les første del av essayteksten En ny tilnærming til sosial handling (sosiologen.no) av Vilde Blix Huseby. Les fram til avsnittet med overskrifta "Sammenligningens metode".

Diskuter i grupper på tre–fire elevar, eller arbeid med teksten skriftleg individuelt.

Med utgangspunkt i dei tre premissane Huseby beskriv: Kva er naudsynt for å skape god miljøsosiologi?

Kjelde

FN-sambandet (2019, 15. januar). Bærekraftig utvikling. https://www.fn.no/tema/fattigdom/baerekraftig-utvikling

Relatert innhald