Hopp til innhald

Fagstoff

Forskingsutval i kvantitative forskingsprosjekt

Kven skal du få informasjon frå når du gjennomfører eit kvantitativt forskingsprosjekt? Kva resultat du kjem fram til, er avhengig av kven som deltek i undersøkinga. Det finst fleire ulike måtar å velje utval, og dei ulike metodane har sine styrkar og svakheiter.
Gruppe menneske som held ark med spørjeteikn foran ansikt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven skal du velje ut til delta i ei kvantitativ undersøking, og korleis skal du finne fram til dei? Viss du til dømes ønskjer å studere ungdomskriminalitet, er det ikkje mogleg å spørje alle ungdommar i Noreg. Du må velje ut nokon og gjere eit utval. Det er fleire ulike måtar å velje eit utval til ei undersøking, og det er først og fremst problemstillinga di som bestemmer kva metode du kan bruke.

Utval i kvantitative forskingsopplegg

I kvantitative metodar vel ein som regel sannsynsutveljing. Det vil seie at du vel ut personar og einingar tilfeldig. Viss du til dømes ønsker å studere 16-åringar i kommunen din, må alle sekstenåringane i heile kommunen ha like stor moglegheit til å bli trekt ut til å vere med i undersøkinga.

Det kan ofte vere vanskeleg å gjennomføre eit slikt utval viss du er skuleelev. Eit alternativ for elevar vil derfor ofte vere å bruke ein klasse, eit klassetrinn eller heile skulen som einingar i undersøkinga. Då må du hugse på at du strengt teke ikkje kan bruke resultata til å seie noko om andre ungdommar enn dei som går i akkurat den klassen eller på den skulen du har undersøkt.

Viktige fagomgrep
  • Einingar: Det undersøkingsobjektet du samlar informasjon om i undersøkinga. Det er ofte personar, men kan òg vere organisasjonar, land, haldningar eller handlingar.
  • Populasjon/univers: Alle dei personane eller einingane ein ønsker å seie noko om i undersøkinga. Til dømes ungdom i Noreg.
  • Utval: Dei personane eller einingane som faktisk deltek i undersøkinga.
  • Strategisk utveljing: Utvalet bygger på systematiske vurderingar av kva einingar i universet som er mest relevante og mest interessante å inkludere i undersøkinga.
  • Sannsynsutveljing: Utvalet blir trekt tilfeldig, og alle einingane i universet har derfor ei lik moglegheit for å komme med i utvalet.

Utvalsstorleik

Kor mange personar eller einingar treng du å velje ut? I kvantitative metodar har ein ofte med mange personar fordi ein ønsker å seie noko om ei stor gruppe menneske. Jo fleire personar du har med, jo meir sannsynleg er det at resultata stemmer. Spørreundersøkelser.no har ein kalkulator du kan bruke til å rekne ut sannsynet for feil ved ulike utvalsstorleikar.


Forskingsetikk

Når du vel kven du skal forske på, må du hugse på at:

  • Deltakinga skal vere frivillig, og dei som deltek kan når som helst kunne trekke seg frå undersøkinga.
  • Dei som deltek må vite kva slags undersøking dei skal vere med på og gi informert samtykke.
  • Sjølv om du berre observerer, har dei du observerer rett til å vite at dei deltek i ei undersøking og må få moglegheita til å ikkje vere med.

Les meir om informert samtykke i ein artikkel frå NDLA.

Grøn blyant som kryssar av bokstaven V i eit ruteskjema. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sannsynsutveljing

Viss du ønsker å komme med statistiske generaliseringar og til dømes finne ut kor mange på skulen din som har bestemde haldningar, kan du bruke sannsynsutveljing. Det vil seie at alle i den gruppa (populasjonen) du ønskjer å seie noko om, har like stor moglegheit til å bli vald ut som deltakarar.

Dersom du til dømes ønsker å undersøkje haldninga til svart arbeid på skulen din, kan bruke ei liste over alle elevane på skulen. Ut frå denne lista kan du på ein tilfeldig måte trekkje ut eit visst tal elevar. Då vil alle elevane ha like stor sjanse for å bli trekt ut.

Sannsynsutveljing krev som oftast mange deltakarar og kan derfor vere vanskeleg å gjennomføre for skulelevar. Ofte vil det vere mest aktuelt å gjennomføre ein forenkla versjon. Då er det viktig at du diskuterer korleis ei forenkla utveljing kan ha påverka resultatet av undersøkinga når du presenterer forskingsprosjektet.

I tillegg vil sannsynsutveljing vere aktuelt viss du bruker statistikk som allereie eksisterer. Det finst fleire ulike former sannsynsutveljing, og dei kan kombinerast på ulike måtar.

Enkel tilfeldig utveljing

Her startar du med ei oversikt over heile den gruppa du ønsker å seie noko om, til dømes ungdommar som tilhøyrer eit klassetrinn på ein skule. Deretter trekker du tilfeldig éin etter éin person til du har det riktige talet.

Systematisk utveljing

Denne metoden liknar enkel tilfeldig utveljing. Du startar med ei liste med ei klar og eintydig rekkefølge. Først trekkjer du ein tilfeldig deltakar, og deretter vel du dei som står i ein bestemd avstand eller rekkjefølgje frå den første. Viss du til dømes først trekkjer nummer 11, kan du halde fram med å velje nummer 1, 21, 31, 41, 51, 61, 71 osb. på lista.

Stratifisert utveljing

Her startar du med å dele populasjonen i ulike grupper basert på visse kjenneteikn, til dømes kjønn eller alder. Deretter trekker du på ein tilfeldig måte det riktige talet på personar frå kvar gruppe. På den måten kan du sikre deg at du til dømes får like mange kvinner som menn eller like mange ungdommar, vaksne og eldre.

Klyngeutveljing

Til liks med stratifisert utveljing startar du med å dele populasjonen i ulike grupper, men her deler du dei i grupper etter fysisk og geografisk nærleik. Du kan til dømes dele inn elevar etter ulike skular eller ulike klassar på same skule. Kvar skule eller klasse er då ei klynge. Deretter kan du trekke på ein tilfeldig måte kva skule eller klasse du skal studere. Denne forma for utveljing kan ofte vere lettare å gjennomføre i praksis.

Relatert innhald

Det er viktig at forskningsobjekta har godkjent at samfunnsforskaren både kan observere, ta notat og publisere eventuelle funn om dei.


Kjelder

Grønmo, S. (2004). Samfunnsvitenskaplige metoder. Bergen: Fagbokforlaget

Grønmo, S. (2020, 3. januar). Enhet – forskningsmetode. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/enhet_-_forskningsmetode

Grønmo, S. (2020, 22 mai). Utvalg. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/utvalg

Schiefloe, P.M. (2019). Mennesker og Samfunn (3. utg.) Oslo: Vigmostad & Bjørke

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2020

Læringsressursar

Kvantitativ metode