Hopp til innhald
Oppgåve

Fellestrekk og forskjellar ved samfunnsvitskaplege metodar

I denne oppgåva skal du jobbe med å finne ut kva som er likskapar og forskjellar ved kvalitativ og kvantitativ metode i samfunnsvitskap.

Oppgåve

Lag eit venndiagram med ein sirkel for kvalitativ metode og ein sirkel for kvantitativ metode. Dei to sirklane skal overlappe i midten. Fyll inn det som kjenneteiknar dei to metodane, og skriv inn døme på dei to metodeformene. Kva er likt med dei to metodane? Dette fyller du inn i den overlappande delen, mellom dei to sirklane.