Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvantitativ metode - analyse av store datamengder

Dersom vi ønskjer å få vite noko om menneska i ei stor gruppe, som til dømes haldningane dei har til innvandrarar i eit land, kan det vere fornuftig å bruke kvantitativ metode. Kvantitative arbeidsmetodar er betre når du skal behandle mykje informasjon om mange menneske.

Når du jobbar kvantitativt, samlar du først inn data og informasjon om menneska i den gruppa du vil undersøkje. Deretter analyserer du informasjonen med matematiske modellar, og presenterer resultata med tal og grafikk.

Bakgrunn

Ideen om at kvantitative metodar kan fortelje oss noko om samfunnsforhold, har sitt utspring i naturvitskapane.

På same måte som kvantitative metodar hadde gitt oss kunnskap om fysiske lovar, var det med framveksten av samfunnsvitskapane frå rundt 1880 mange som trudde at ein gjennom måling og berekningar kunne få ein sosial vitskap med presisjon på linje med naturvitskapane.

Men så enkelt var det, og er det, nok ikkje. Kritikken av denne trua på kvantitativ metode blei uttrykt gjennom det som blei kalla positivismekritkken.

Samfunnsvitskapane og byråkratiet

Gjennom framveksten av statane frå 1500-talet, og den veksande handelen mellom statane, ble det etterkvart samla inn store mengder informasjon om befolkning og økonomiske forhold. I dei fleste europeiske landa blei det frå midten av 1700-talet gjennomført folketeljingar med jamne mellomrom.

Informasjon om handel og økonomi blei samla inn av dei store handelskompania, som til dømes Hansa-forbundet, og seinare av statane. Informasjonen blei brukt av byråkratane for å styre og administrere menneska og samfunnsorganisasjonane.

Gjennom 1800- og 1900-talet blei det gjennomført store og detaljerte folketeljingar i Noreg, og dei fleste landa i Europa. Befolkninga blei kategorisert i forhold til biologiske kjenneteikn slik som alder og kjønn, men også juridisk og sosial status slik som ekteskap, arbeidsløyse, inntekt og kriminalitet.

Folketeljingar er ressurskrevjande og dyre å gjennomføre. Moderne informasjonsteknologi har på mange område automatisert datainnsamlinga.

Utvalsundersøkingar

Representative utval har etterkvart erstatta dei store folketeljingane, då dette er raskare og billegare. Utvalsundersøkingar er eit godt verktøy dersom du vil skaffe informasjon om menneska i eit land. Det er vanskelige å spørje og samle informasjon om alle innbyggjarane i landet, men ved å velje ut til dømes 1000 menneske i eit representativt utval, kan svara og informasjonen som dei gir, representere heile befolkninga. Vi kallar det å generalisere resultata. Det vil seie at du lar informasjonen gjelde for større forhold enn akkurat dei du undersøkte.

Samling av statistikk og informasjon

I vårt moderne samfunn blir det samla inn store mengder informasjon som er tilgjengeleg for forsking. Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk senter for forskningsdata (NSD) er døme på to forskingsinstitusjonar som samlar inn og gjer data tilgjengeleg for samfunnsforsking. Viss du brukar talmateriale som du sjølv har samla inn, kallar vi det for primærdata. Bruker du derimot data andre har samla inn før deg, seier vi at du bruker sekundærdata.