Hopp til innhald

Fagstoff

Innsamling av kvantitative data

Korleis skal du gå fram for å samle inn informasjon til undersøkinga? I kvantitative forskingsprosjekt kan du lage ei spørjeundersøking, gjennomføre eit eksperiment eller bruke statistikk som finst frå før.
Ein figur som liknar ein tenkjande mann med skjegg står foran ei folkemengde med snakkebobler over hovuda sine. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva vil du finne ut når du spør folk som er heilt ulike frå deg sjølv? Kva er det eigentleg som er vanleg eller uvanleg blant ulike grupper av menneske? Noko av det mest spennande med eit forskingsprosjekt er å gå ut i samfunnet og finne ut korleis det faktisk ser ut.

Ei vitskapleg undersøking av samfunnet er basert på ei systematisk innsamling av opplysningar og informasjon. Dei opplysningane, kjensgjerningane, meiningane eller observasjonane du samlar inn, kallar vi data. Du kan samle inn data på fleire ulike måtar, og du kan òg kombinere dei ulike innsamlingsmetodane.

Forskingsetikk

Når du skal samle inn data må du hugse på at:

  • Du må behandle deltakarane med respekt og til dømes akseptere at dei ikkje ønskjer å svare på enkelte spørsmål.
  • Du bør unngå å spørje om sårbare tema som til dømes seksuelt misbruk og vald i nære relasjonar.
  • Dei som deltek skal vere anonyme og svara deira skal behandlast konfidensielt.

Metodar for innsamling av kvantitative data

Registerdata

I Noreg har vi mykje relevant statistikk og forsking på befolkninga som du kan bruke som data i undersøkinga di. Fordelane med å bruke eksisterande statistikk er at han ofte er basert på sannsynutveljing og slike data kan det vere vanskeleg å samle inn sjølv. Ulempa er at eksisterande statistikk og forskingsmateriale kanskje ikkje passar til problemstillinga di. Du må òg forsikre deg om at dei dataa du har funne fram til, er pålitelege.

Kvar kan du finne data og statistikk?
Kvinne sit med beina i kors med pc mens ho snakkar i ein mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørjeundersøkingar

I ei spørjeundersøking har du laga alle spørsmåla på førehand. Du kan gjennomføre undersøkinga som eit personleg intervju der du sjølv stiller spørsmåla og noterer svara. Du kan òg la deltakarane sjølv lese spørsmåla og fylle ut svara i eit skjema, på nett eller på e-post. Det sparer deg for tid, men hugs at undersøkinga då ikkje bør vere for lang.

Når du skal formulere spørsmåla i undersøkinga, kan du velje mellom opne og lukka spørsmål. Lukka spørsmål har ferdig formulerte svaralternativ. Til dømes: Kor ofte har du drukke alkohol den siste veka: a) Ingen gonger b) Éin gong c) To til tre gonger d) Fleire enn fire gonger. I opne spørsmål har du ingen faste svaralternativ, og dei du spør må sjølv formulere svaret.

Fordelen med ferdig formulerte svaralternativ er at det blir lettare å analysere og samanlikne svara til mange personar. Fordelen med å stille opne spørsmål er at du kan få fleire ulike svar, og svar du kanskje sjølv ikkje har tenkt på som alternativ. Du har likevel ikkje dei same moglegheitene til å stille oppfølgingsspørsmål i ei spørjeundersøking som i eit kvalitativt intervju.

Tips til strukturerte spørjeundersøkingar

  • Start med enkle spørsmål.
  • Still konkrete spørsmål.
  • Still klare spørsmål som ikkje kan tolkast på ulike måtar.
  • Still berre eitt enkelt spørsmål om gongen. Ikkje spør om fleire ting i same spørsmål.
  • Bruk enkelt språk. Unngå framandord og fagomgrep som kanskje er ukjende for deltakarane.
  • Still nøytrale spørsmål. Unngå leiande spørsmål som lokkar dei du spør til å gi bestemde svar.
  • Svaralternativa bør vere gjensidig utelukkande, slik at ein berre kan svare på eitt alternativ.
  • Still gjerne opne spørsmål i tillegg til dei ferdig formulerte alternativa.
  • Gå grundig gjennom spørjeskjemaet før du startar.
  • Sjekk at alle spørsmåla er tilpassa problemstillinga.
  • Gjennomfør gjerne eit testintervju med eit par deltakarar for å kvalitetssikre spørsmåla i spørjeskjemaet.
Program for innsamling og analyse av data

Det finst mange dataprogram som kan hjelp deg å samle inn intervjudata og analysere dataa etterpå.

Lang kø av folk. Utsnittet er frå livet og ned, og vi ser berre beina og føtene til personane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksperiment

I eit eksperiment undersøkjer ein samanhengar ved å endre ein enkelt faktor i ein situasjon. Eksperiment er vanlege i psykologi, men ikkje like vanleg i sosiologi og sosialantropologi. I eit eksperiment må ein ha kontroll over alle relevante faktorar, og det er ofte vanskeleg i verkelege sosiale situasjonar. Det er òg ei forskingsetisk utfordring at deltakarane ofte ikkje får vite kva slags undersøking dei deltek i på førehand.

Eit døme på eit eksperiment for samfunnsfag var at ein samfunnsforskar som ville undersøkje diskriminering, sende ut heilt like jobbsøknadar til ei rekkje kunngjorde jobbar. I halvparten av søknadane brukte han typisk norske namn og i den andre halvdelen typiske pakistanske namn. På den måten avdekte han at norske arbeidsgivarar føretrekte søkjarar med typisk norske namn.

Relatert innhald

Tips til korleis du kan utforske ved hjelp av spørreskjema.

Kjelder


Andersen, G. (2008). Innsamling og bearbeiding av empiri. Henta frå https://holbergprisen.no/nb/holbergprisen-i-skolen/3-innsamling-og-bearbeiding-av-empiri

Grønmo, S. (2004). Samfunnsvitenskaplige metoder. Bergen: Fagbokforlaget.

Johannessen, A.,Tufte, P.A., Christoffersen, L. (2016). Introduksjon til samfunnsvitenskaplig metode (5 utg.) Oslo: Abstrakt forlag.

Mjølvêr, K. (2014). Forskning for forskerspirer. Henta frå https://holbergprisen.no/sites/default/files/2019-11/forskning2<n><acr>0for2<n><acr>0forskerspirer2<n><acr>02019_ALT_mindre.PDF

Schiefloe, P.M. (2019). Mennesker og Samfunn (3. utg.) Oslo: Vigmostad & Bjørke.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2020

Læringsressursar

Kvantitativ metode