Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjelder og kjeldekritikk

Her skal du øve deg på å bruke kjelder aktivt i tekst, lage litteraturliste og vurdere kjelder kritisk.
Eit nettbrett stilt opp mot nokre bøker på eit bord i eit bibliotek. Vi ser hyller med bøker i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Føre kjelder i ein tekst

Du skal no øve deg på å bruke kjelder aktivt i tekst. Sett deg inn i APA-stilen, både her på NDLA om kjeldetilvisingar, og på Kildekompasset.no.

Skriv to avsnitt om kvifor temaet sosialisering er sentralt i faget sosiologi og sosialantropologi. Du skal flette inn følgjande kjelder i teksten din:

Oppgåve 2. Litteraturliste

Lag ei litteraturliste i alfabetisk rekkjefølgje (etter forfattaretternamn) over kjeldene du brukte i oppgåve 1.

Oppgåve 3. Avslør falske nyheiter

I arbeid med kjelder kan vi komme over mange nettsider og nettaviser som verkar truverdige, men som spreier falske nyheiter og usanningar. Sjekk kor god du er til å avsløre falske nyheiter ved å ta denne testen frå Medietilsynet: Kviss om falske nyheter (medietilsynet.no).

Oppgåve 4. Kjeldekritikk, gyldigheit og aktiv bruk av kjelder i eigen argumentasjon

  1. Du skal no lese to tekstar som har ulikt syn på temaet nettbrett i skulen. Les først begge tekstane, deretter skal du oppsummere (parafrasere) to–tre av hovudargumenta i kvar av tekstane. Bruk strategien "TONE (ndla.no)" som hjelpemiddel til å vurdere om dei er truverdige og objektive som kjelder.

    NRK Ytring: Gaute Brochmann Nettbrettbarna (nrk.no)
    NRK Ytring: Magnus Henrik Sandberg Brochmanns myter (nrk.no)

  2. Når du har lese tekstane, skal du svare på spørsmålet: Bør nettbrett brukast i undervisninga? Lag ei skisse til ein fagartikkel der du følgjer denne modellen:

    1. Kort presentasjon av emnet
      Døme: … meiningane er delte om denne saka …

    2. Kva seier den eine kjelda?
      Til dømes: Den eine sida meiner …

    3. Kva seier den andre kjelda?
      Til dømes: Den andre sida meiner …

    4. Samanlikning og vurdering
      Til dømes: Kjernen i saka er …

    5. Samanfatning
      Til dømes: For å konkludere ...

  3. Gå deretter saman i grupper på tre, der ein person representerer Brochmanns syn på nettbrett i skulen (imot nettbrett), den andre Sandbergs syn (for nettbrett). Den siste personen på gruppa skal skrive ned argumenta som blir presenterte, og halde auge med tida. Du skal setje deg godt inn i argumenta frå kjelda og bruke dei til å argumentere. De bruker to minutt kvar på å presentere hovudargumenta dykkar, deretter kan de bruke eitt minutt på å kommentere den andres argument. Til slutt skal du bruke eitt minutt til å oppsummere synet ditt (til saman skal de bruke cirka fem til sju minutt).

  4. Evaluer i grupper: Diskuter kva side som hadde dei beste argumenta? Var den eine kjelda meir overbevisande enn den andre og dermed òg enklare å argumentere for? Var argumenta relevante? Kva side hadde flest overbevisande argument (sjå på det som sekretæren noterte).

  5. Etter å ha lese begge ytringane og brukt dei aktivt: Kva problem peikar kronikkforfattar Sandberg på i Brochmanns tekst? Påverkar dette Brochmanns objektivitet og truverd? Påverkar dette oppfatninga di av den opphavlege kronikken? Kunne det vore lurt å oppsøkje dei opphavlege forskingsrapportane for å undersøkje meir rundt statistikken begge forfattarane viser til? Kvifor det?

CC BY-SASkrive av Ida Baalsrud.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2021

Læringsressursar

Kjelder og kjeldebruk