Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nytte kjelder kritisk i argumentasjon og drøfting

Du skal her jobbe med det du har lært om kjelder og kjeldeføring. Oppgåvene handlar om å parafrasere, føre kjelder og diskutere teoriar. Døma er henta frå teoriar om kriminalitet.
Tre unge personar sit rundt eit bord og arbeider. På bordet er det PC-ar, bøker og notatblokkar. Ein noterer, ein ser på mobiltelefonen og ein les i ei bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Innhente informasjon

Du skal no innhente informasjon om tre ulike teoriar som omhandlar årsaker til kriminalitet. Desse teoriane er

  • stemplingteorien
  • teorien om subkulturar/delkulturar
  • kriminell innovasjon (Robert Merton)
  1. Set deg inn i tips til søkestrategiar som du finn i Verktøykassa her på NDLA. Nedst på denne sida finst det òg eit skjema som du kan laste ned og bruke i søka dine.
  2. Ver kjeldekritisk, og ikkje minst noter ned kjeldene du bruker. Du skal i ei seinare oppgåve øve på å føre kjeldene i APA-stil. Samanfatt dei tre teoriane med to til tre setningar (parafraser) og før deretter kjelda/kjeldene du har valt å bruke. Lag òg ei litteraturliste som du skal få bruk for seinare.

Oppgåve 2: Samanlikn funna dine med funna til ein medelev – kjeldekritikk

  1. Har de brukt same kjelde(r)? Kvifor / kvifor ikkje?
  2. Argumenter for kvifor du har valt akkurat desse kjeldene. Partnaren din skal gjere det same. Viss de har valt same kjelder, diskuter kvifor de har enda opp med desse.
  3. Bruk TONE til å sjekke om kjelda er truverdig og passande til bruken din. Du kan bruke skjemaet under til hjelp.
  4. Samanlikn TONE-skjemaet de har fylt ut.

Truverdig

Objektiv

Nøyaktig

Eigna

Kven er forfattar?

Kven er avsendar?

Kven står bak sida?

Kva er hensikta til forfattaren?

Er informasjonen nøytral?

Stemmer informasjonen med det du veit frå før?

Finn du skrivefeil eller slurv?

Når blei kjelda sist oppdatert?

Gir forfattaren opp kjelder?

Kven er målgruppa for kjelda?

Passar kjelda til bruken min?

Er kjelda enkel å bruke og lett tilgjengeleg?

Oppgåve 3: Gruppediskusjon og argumentasjon

  1. Gå saman i grupper på tre. Kvar enkelt i gruppa skal representere ein av teoriane om årsaker til kriminalitet.
  2. Kvar av dykk skal presentere "sitt" eige syn på årsaker til at individ gjer kriminelle handlingar. Du må då gjere greie for den teorien du har valt. Ta tida og bruk cirka eitt minutt kvar.
  3. Deretter får kvar av dykk moglegheita til å argumentere for at nettopp dykkar teori forklarer årsaker til kriminalitet best.
  4. Samanfatt til slutt:
  • Var det vanskeleg å berre skulle argumentere for eitt syn?
  • Kva mister ein når ein berre ser handlinga frå eitt perspektiv / éin teori?
  • Kvifor er denne metoden òg fin å bruke før ein går i gang med ein drøftande fagartikkel?

Oppgåve 4: Fordjupingsoppgåve – å skrive fagartikkel

Du har no jobba med å samle inn kjelder, å vere kjeldekritisk og å bruke kjeldene i munnleg argumentasjon.

Som ei fordjupingsoppgåve skal du no bruke all informasjonen du har samla inn, til å skrive ein fagartikkel om årsaker til at individ blir kriminelle. Bruk det som kom fram i debatten til å drøfte dei ulike teoriane, og bruk dei kjeldene som du har funne, aktivt i teksten. Hugs å skrive ei innleiing som beskriv temaet og ein konklusjon som summerer opp det du har kome fram til. Bruk faglege omgrep frå temaet sosiale avvik, og ikkje minst ver kritisk og etterretteleg i kjeldebruken din ved å bruke APA-stilen.

CC BY-SASkrive av Ida Nerbu Baalsrud.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021

Læringsressursar

Kjelder og kjeldebruk