Hopp til innhald

Fagstoff

Kjelder og kjeldeføring i samfunnsvitskapen

I sosiologi og sosialantropologi er kjelder ein svært viktig del av læringsarbeidet. Ein baserer seg gjerne på teoriar av sentrale teoretikarar og ikkje minst tidlegare forsking i arbeidet sitt som sosiolog eller sosialantropolog.
Ulike personar arbeider med å byggje ei nettside. Ein mann skriv mellom anna på ein stor dataskjerm. Ei kvinne jobbar på datamaskin, og ein annan mann ser i kikkert. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal her bli presentert for nokre viktige prinsipp for kvifor ein bør føre kjelder, du skal òg få nokre nyttige verktøy som du kan bruke til å arbeide med kjelder, spesielt med tanke på den store mengda av informasjon som finst tilgjengeleg for oss i dag.

Det er to aspekt ved det å føre kjelder som er viktige for deg som elev i sosiologi og sosialantropologi (men òg i andre fag): Du må vere kritisk i vurderinga av kva kjelder du vel å bruke, og du må vere tydeleg i din eigen kjeldebruk ved å oppgi kjelder i eige materiale og i eigne oppgåver.

Kjeldekritikk

Kjeldekritikk er sentralt i alt forskingsarbeid, òg i samfunnsvitskapen. Med tanke på all informasjonen vi har tilgjengeleg i dag, må vi vere kritiske til det materialet vi bruker. Er informasjonen til å stole på, og passar kjelda til det du skal bruke ho til?

Vitskap

I sosiologi og sosialantropologi finst det mange anerkjende teoriar og forsking basert på kvalitetssikra undersøkingar som vi kan bruke, men dette er òg eit fag der ein lett kan falle for freistinga til å "synse" eller meine mykje om mange av temaa utan å forankre det i forsking eller teori. "Alle" kan seie noko om sosialiseringsprosessen, men ein sosiolog vil bruke relevante fagomgrep og teoriar i presentasjonen sin og basere seg på tidlegare forsking, eventuelt eiga forsking. Det er dette som gjer det til ein vitskap.

Forsking

I forsking er det òg viktig at ein er tydeleg i sitt eige kjeldearbeid. For at forsking skal ha truverd innan fagområdet, må ein ha arbeidd godt med kjelder, og ein må ha ført opp alle kjeldene ein har brukt. Dette er for at du skal anerkjenne den jobben som ligg bak kjeldene du har brukt. Du skal ikkje presentere arbeidet til kjeldene som ditt eige. Dette blir kalla å plagiere. I tillegg er det viktig å vise at forskinga di er basert på vitskap, anerkjende teoriar og tidlegare forsking, nettopp for at forskinga skal ha truverd.

Sjekklista TONE

I arbeidet med kjeldekritikk kan TONE vere eit nyttig hjelpemiddel. TONE er ei sjekkliste som du kan bruke i arbeidet med kjelder. Det vil gjere deg meir bevisst på kva kjelder som er truverdige, og på kva kjelder som eignar seg til bruken din. Til dømes er det ikkje sikkert du ønskjer å bruke statistikk om innvandring og kriminalitet frå ein innvandringskritisk nettstad, då dei ønskjer å fremje sitt syn på innvandring i staden for å presentere objektive fakta. Sjølve talmaterialet i seg sjølv kan vere truverdig, men framstillinga blir ofte prega av at forfattarane ønskjer å fremje den subjektive bodskapen sin.

Dette er eit døme på eit TONE-skjema til bruk i arbeidet med kjeldekritikk (Overland, 2018):

Truverdig

Objektiv

Nøyaktig

Eigna

Kven er forfattar?

Kven er avsendar?

Kven står bak sida?

Kva er hensikta til forfattaren?

Er informasjonen nøytral?

Stemmer informasjonen med det du veit frå før?

Finn du skrivefeil eller slurv?

Når blei kjelda sist oppdatert?

Gir forfattaren opp kjelder?

Kven er målgruppa for kjelda?

Passar kjelda til bruken min?

Er kjelda enkel å bruke og lett tilgjengeleg?

Å føre kjelder

Når det gjeld å føre kjelder i eigen tekst, er den mest brukte kjeldestilen innanfor samfunnsvitskap APA. I Verktøykassa til NLDA og på Kildekompasset finn du ei nyttig skildring av korleis du fører kjelder, både i teksten og i ei litteraturliste til slutt i teksten din (Kildekompasset, u.å., Federl og Fivelstad, 2019). Vi skil mellom å skrive direkte sitat, som betyr å bruke utdrag frå kjelda utan å omskrive ho og med sitatteikn rundt ("…"), eller å parafrasere. Parafrasering betyr at du bruker innhaldet frå kjelda, men at du skriv om til eigne ord. Ein skal alltid føre kjelder. Unntaket er når noko er allmennkunnskap, noko som alle kjenner til.

Her får du eit avsnitt som viser både direkte sitat og eit døme på parafrasering. Kjeldene er òg førte i APA-stil i ei litteraturliste.

I sosiologi er omgrepet sosialt avvik brukt om åtferd som avvik frå normene og reglane i samfunnet. Ifølgje Aksel Tjora er avvik "… en mye brukt betegnelse på atferd som fraviker hovedmønsteret i samfunnet" (Tjora, 2016). Når nokon bryt uformelle eller formelle normer, kan dei bli sette på som avvikande frå resten av samfunnet. Forskjellen på uformelle og formelle normer er at formelle normer er dei nedskrivne, vedtekne reglane i samfunnet, til dømes Noregs lover. Dei uformelle normene er uskrivne reglar eller konvensjonar som samfunnet er samde om at skal overhaldast (Tjora, 2018). Dette kan til dømes vere at ein reiser seg for ei eldre dame på bussen, eller at ein ryddar opp etter seg i kantina.

Litteraturliste:

Det kan verke overveldande i starten å skulle føre kjelder både i tekst og til slutt, men etter kvart som du øver på dette, vil det òg bli enklare. Hugs at du alltid må føre kjelder i eige arbeid, ikkje berre i fagtekstar, men òg i presentasjonar.


Kjelder

CC BY-SASkrive av Ida Nerbu Baalsrud.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021

Læringsressursar

Kjelder og kjeldebruk