Hopp til innhald

Fagstoff

Stereotypiar og mytar

Vi lagar mange førestillingar om andre menneske. Det kan vere idear og tankar om korleis dei er, og kva dei gjer. Kva kallar vi desse førestillingane, og stemmer dei alltid?
Ein mann med kvit maling i fjeset og på armane og raudt skjerf rundt hovudet speler på didjeridu. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å skjere alle over ein kam

Stereotypiar er ein del av korleis menneske ser verda. Det er ein måte å systematisere og lage orden på i den myriaden av menneske og samfunn som omgir oss. Ein stereotypi er rett og slett ei skildring av kulturtrekk og kjenneteikn ein går ut frå at ei gruppe menneske har. Ei slik gruppe kan vere alt frå kvinner til kongelege og religiøse grupperingar.

Skildringane er ofte overdrivne og tek ikkje omsyn til at det finst variasjonar internt i grupper. No er det kanskje veldig lett å tenkje at stereotypiar er negative, at skildringane tek utgangspunkt i negative sider ein går ut frå at ei gruppe har, men det finst òg positive stereotypiar.

Uansett negative eller positive, stereotypiar er lettvinte utsegner om andre menneske, og om menneske vi ikkje nødvendigvis har møtt. Dei kan rett og slett vere baserte på noko vi har lese eller høyrt frå nokon andre. Oppfatninga vår altså ikkje basert på direkte erfaring.

Klassiske døme på stereotypiar er at politikarar er løgnarar, franskmenn er lidenskapelege, og engelskmenn er høflege. Vi skal ikkje sjå bort frå at det finst løgnaktige politikarar, lidenskapelege franskmenn eller svært høflege engelskmenn, akkurat som det finst finnar, maoriar og andre med dei same eigenskapane. Slike utsegner tek likevel ikkje omsyn til at det faktiske finst ærlege politikarar, lite lidenskapelege franskmenn eller uhøflege engelskmenn. Alle blir med andre ord skorne over ein kam.

Seigliva og hardføre

Stereotypiane påverkar korleis vi ser verda. Dersom vi har høyrt dei ofte nok, fargar dei møta vi har med andre. Vi overser trekk som ikkje stemmer med det førehandsbestemte inntrykket og legg heller merke til det som passar med stereotypien vi kjende til frå før av. Dette er òg noko av grunnen til at stereotypiane er vanskelege å forandre. Dei bit seg fast og blir oppfatta som sanne, og dei kan derfor bli til det vi kallar for sjølvoppfyllande profetiar. Høyrer vi dei mange nok gonger, har vi ein tendens til å oppfatte dei som sanning. Stereotypiar er seigliva og hardføre. Når det er sagt, er stereotypiar ikkje skrivne i stein. Dei kan endre seg over tid.

Her er det elles òg viktig å påpeike at stereotypiane ikkje berre påverkar korleis vi oppfattar andre menneske, men stereotypiar kan òg påverke korleis "dei andre" oppfattar seg sjølv.

Etniske stereotypiar

Denne typen stereotypiar er retta mot etniske grupper og har ofte hatt eit nedsetjande og moralsk fordømmande preg over seg. Grupper som samar, maoriar, grønlandske inuittar og liknande har støtt og stadig vorte utsette for denne typen karakteriseringar. Ein utbreidd stereotypi om desse folkegruppene er til dømes at dei er alkoholiserte og underutvikla.

Vi snakkar altså om etniske minoritetsgrupper som tradisjonelt har stått i ein avmaktposisjon til majoritetsbefolkninga. Dette er minoritetsgrupper som ikkje har hatt politisk makt eller gehør i det landet dei er i.

Mange har etniske stereotypiar om samar. At samar berre driv med reindrift og bur på Finnmarksvidda, er eit par døme. Slike utsegner er med på å måle eit røyndomsbilete som ikkje nødvendigvis stemmer med realiteten. Sidan dei etniske stereotypiane ofte blir brukte av dei som sit med definisjonsmakta – altså majoriteten, kan dei bli påstandar med sanningsgestalt. Stereotypiane har då vorte til mytar som forklarer røynda.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2021

Læringsressursar

Kultur i endring og kulturelt mangfald