Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis endrar samfunnet seg?

I desse oppgåvene skal du sjå på korleis samfunnet har endra seg med koronaepidemien, med teknologibruk og gjennom endring av behova våre.
Kvinne med munnbind sit på kollektivtransport og ser ut av vindauget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Korleis endra koronapandemien oss?

I mars 2020 vart Noreg stengt ned på grunn av koronapandemien, og folket i Noreg opplevde den strengaste avgrensinga av eigen fridom i etterkrigstid. Kva gjorde det med folk? Sjå på punkta nedanfor, og reflekter over på kva måtar individa i samfunnet fekk eit anna forhold til

  • smarttelefonen

  • ein tur i butikken

  • korleis ein kjem seg frå éin stad til eit anna

  • feriar

  • venskap

  • skulekvardagen

  • fritidsaktivitetar

  • kjærast (eller moglegheita til å få seg ein ny ein)

  • nyheiter og beskjedar frå styresmaktene

Merk deg dei viktigaste og mest interessante endringane, og skriv ned stikkord.

Gå saman i grupper på cirka tre personar, og lag ein podkast på 10–15 minutt der de drøftar spørsmålet: Korleis endra koronapandemien Noreg? Bruk stikkorda de noterte som snakkepunkt i podkasten.

Forsøk å bruke fagomgrep aktivt i samtalen. Her er nokre fagomgrep som er relevante for temaet: primærsosialisering, sekundærsosialisering, kultur, sosiale grupper, sosiale nettverk, roller, normer, internalisering av normer, tabu, sosiale konvensjonar, krysspress, sosial kontroll og sanksjonar.

De kan til dømes bruke denne nettsida for å lage gratis podkast: Say it all with Anchor (anchor.fm).

Oppgåve 2. Korleis har informasjonsteknologien endra oss?

Stilisert mann og kvinne som arbeider med produksjon av data. Det kjem ei sky av eittal og nullar opp av PC-ane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lytt til tidsrommet 14:47–21:33 i podkasten Antro-podden, Episode 5: Kva gjer koronapandemien med oss? (spotify.com). Her diskuterer Elisabeth Fosseli Olsen med sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen om endringar i samfunnet vårt i dag, og kva konsekvensar desse endringane har. Etter å ha lytta til denne delen av podkasten, går de saman i grupper og reflekterer over følgjande:

  1. Kva meiner Hylland Eriksen med langsam kunnskap?

  2. Kva meiner Hylland Eriksen at oppgåva til forskarar er, med tanke på formidling av kunnskap og informasjon?

  3. "Kven bryr seg dersom det er ei god historie?" seier Hylland Eriksen om kva forhold vi har til informasjon i dag. Stemmer dette?

  4. "Folk er ikkje lenger ueinige, dei blir provoserte", seier Eriksen. Kva trur du han meiner med det?

  5. Reflekter rundt samanhengen mellom internett, sosiale medium og overgangen frå langsam til rask kunnskap i samfunnet.

  6. Kva er dei positive konsekvensane av rask kunnskap?

  7. Kva er dei negative konsekvensane av rask kunnskap?

Oppgåve 3. Har behova våre endra seg?

Pyramide delt inn i fem felt. På det nedste feltet står det Fysiologiske behov: svolt, tørste, søvn og så vidare. Over dette feltet står det Tryggheitsbehov: sikkerheit, vern. På det midtste feltet står det Sosiale behov: tilhøyrsel, kjærleik. På det nest øvste feltet står det Aksept: sjølvrespekt, status. På det øvste feltet står det Sjølvrealisering: personleg, åndeleg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Abraham Maslow er kjend for "Maslows behovspyramide", som er vist ovanfor. Sjå på behovspyramiden, og reflekter i grupper: Kva for nokre av desse behovsområda vart svekte av koronapandemien under nedstenginga? Grunngi svara deira, og kom med konkrete døme.

    De kan lese meir om behovspyramiden på sida Abraham Maslow (snl.no).

  2. Reflekter over behovspyramiden. Kan de kome med døme på korleis behova nedst nede i pyramiden kan vere viktigare enn behova høgare opp i pyramiden?

  3. Behovspyramiden kan kritiserast for å vere typisk for vestlege og individorienterte samfunn fordi han plasserer sjølvrealisering på topp. Kan det òg vere grupper og samfunn som set fellesskapet og tilhøyrsel til ei gruppe høgare enn personleg utvikling? Reflekter.

  4. Som de ser i behovspyramiden, meinte Maslow at dei fysiologiske behova var dei mest grunnleggjande, det vil seie at ein først må få dekt tryggleiksbehov og anerkjenning før ein eventuelt kan utvikle sjølvrespekt og til slutt sjølvrealisering. Det er ikkje alle som er einige i det.

    Kva meiner de er viktigast for eit menneske? Gå gjennom alle nivåa i pyramiden, og teikn opp deira eigen behovspyramide basert på kva de meiner er viktigast.

CC BY-SASkrive av Julie Spro.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021

Læringsressursar

Kultur i endring og kulturelt mangfald