Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sjå samanhengen

I denne oppgåva skal du finne samanhengar mellom ulike omgrep knytte til kultur, identitet og etnisitet.

Oppgåve

Sjå på skjemaet nedanfor med omgrep som er relevante for temaet i fagartikkelen. Sett dykk saman i grupper på cirka tre personar, og forsøk å sjå samanhengar mellom dei ulike omgrepa. Når de ser ein samanheng mellom to omgrep, sett ein strek frå det eine omgrepet til det andre, og forklar kva samanhengen er

Ta til dømes dei to omgrepa normer og etnisitet: Det å høyre til ei etnisk gruppe inneber at ein deler eit visst sett med normer og verdiar med andre individ som høyrer til den same gruppa, det vil seie at ein har eit normativt fellesskap.

Tabell med ni ruter. I kvar rute står eit av dei følgjande omgrepa: demokrati, integrering, etnisitet, identitet, politiske prosessar, sosiale grupper, kultur, assimilering, normer. Tabell.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Julie Spro.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021

Læringsressursar

Kultur i endring og kulturelt mangfald