Hopp til innhald

Fagstoff

Fredrik Barth og studiet av etnisitet

Sosialantropologien slik vi kjenner han i dag, hadde ikkje vore den same utan den norske antropologen Fredrik Barth og det kjente verket hans Ethnic Groups and Boundaries frå 1969.
Ein eldre mann med skjorte og dressjakke gestikulerer. Professor Fredrik Barth innleier i ein debatt i 2009. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Antropologi som samfunnsvitskapleg fag

Barth er ikkje berre ein av dei mest kjende antropologane i Norden, men òg ein av dei viktigaste bidragsytarane til faget i verda! Då Fredrik Barth byrja å studere antropologi i USA, var arkeologi, historie, lingvistikk (språkstudium) og naturvitskaplege emne som biologi ein del av antropologistudiet. I Noreg i dag er faget hovudsakleg eit fag innan samfunnsvitskapen.

Individet i samfunnet

Fredrik Barth bidrog til utviklinga av faget på fleire måtar, til dømes var han meir oppteken av individ som aktørar i samfunnet enn han var av sjølve samfunnsstrukturen. Han kalla gjerne si eiga forsking for "prosessorientert", det vil seie at han såg på menneska som sjølvstendige aktørar i sitt eige liv i staden for brikker i eit sosialt system.

Det blir gjerne sagt at samfunnsforskarar anten ser på skogen, altså heilskapen og strukturen, eller trea, altså individa og handlingane deira. Vi kan gjerne seie at Barth set søkjelys på kva det enkelte treet fortel oss om skogen. Det som var interessant for Barth, var nemleg: Kva valmoglegheiter har mennesket som individuelle aktørar på det sosiale og det kulturelle planet i ein gitt situasjon? Kva kan handlingane til denne personen fortelje oss om samfunnet personen lever i?

Fredrik Barth var i forskinga si spesielt oppteken av etniske og kulturelle skiljelinjer mellom grupper. Han reiste mykje rundt med nomadiske folkegrupper. På reisene sine observerte han ein mykje større grad av fleksibilitet både internt i og mellom grupper enn det ein tidlegare hadde gått ut frå innan samfunnsforskinga.

Kva er etnisitet?

Portrett av mange forskjellige menneske med forskjellig alder og bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etnisitet er eit faguttrykk som ofte blir brukt i offentlegheita, mellom anna i avisartiklar og i debattar. Det har gjort at omgrepet har vorte vatna ut, og i nokre tilfelle har det resultert i at folk har ulike oppfatningar av kva etnisitet eigentleg inneber. Dersom du les avisoverskrifta "Etnisk norsk mann rana ein bank", kva tenkjer du at etnisk norsk betyr? Det vil ulike menneske gi ulike svar på. Etnisitet, som kultur og identitet, er breie omgrep som er vanskelege å definere.

Det som vart tydeleg i Barth sine studiar, mellom anna av nomadiske folkegrupper, er at etnisitet er eit komplekst omgrep. Ei etnisk gruppe er ei gruppe som deler synlege sosiale strukturar og tradisjonar (klesdrakt, busetjing, utsjånad, ritual, språk) så vel som usynlege kulturuttrykk (haldningar, verdiar, normer og reglar). På grunn av desse uttrykka identifiserer individa i gruppa seg med den etniske gruppa si. Dette er òg sjølvforsterkande; jo viktigare det er for deg å dele identitet med resten av gruppa, jo viktigare blir det å praktisere dei synlege og usynlege kulturuttrykka i gruppa. Etnisitet er dermed svært mykje meir komplekst enn farge på hud, hår og auge.

Etnisitet er dessutan fleksibelt; enkeltindivid som blir svært godt integrerte i eit nytt samfunn, reknar gjerne seg sjølve som ein del av den nye gruppa sin etniske identitet. Gruppa vil òg gjerne ønskje velkomen utanforståande som omfamnar den sosiale organiseringa, tradisjonane, haldningane og verdiane deira. Etnisitet er med andre ord meir enn ein identitet; det legg faktiske føringar for korleis individ samhandlar med andre individ innanfor eller utanfor den etniske gruppa si.

Noko anna Barth i seinare tid sette søkjelys på, er korleis etnisitet har ei politisk slagside, spesielt i dei moderne multietniske statane vi har i dag. Det kan til dømes oppstå ein konflikt mellom lojalitet til den etniske gruppa eller til nasjonalstaten ein høyrer til, spesielt dersom nasjonalstaten inneheld mange ulike etniske grupper. For at eit multietnisk samfunn skal fungere godt, er det derfor viktig at ein større felles nasjonal identitet trumfar etnisk identitet i viktige politiske spørsmål.

Kjelder

  • Eriksen, T. H. (2013). Fredrik Barth – en intellektuell biografi. Universitetsforlaget.

  • Jakoubek, M. og Budilova, L. J. (2018). Fredrik Barth og studiet av etnisitet. Norsk antripologisk tidsskrift, 29(3–4), 102–123. Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2898-2018-03-04-02

CC BY-SASkrive av Julie Spro.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021

Læringsressursar

Kultur i endring og kulturelt mangfald