Hopp til innhald
Rettleiing

Undervisningsopplegg i badminton, økt 2

Det er mange ulike måtar å bruke badminton på inn mot fagfornyinga. Her er nokre forslag der vi legg vekt på samarbeid med læringspartnar, leik, reglar og grunnleggande teknikkar. Dette er den andre av tre økter.
Til lærar

Dette undervisningsopplegget er eit nybyrjaropplegg som går over tre økter, med badminton som aktivitet. For å kunne jobbe med badminton som aktivitet er det viktig å lære seg nokre grunnleggande slag, i tillegg til å forstå og nytte reglane.

Samarbeid og læringspartnar

Samarbeid er eit viktig stikkord for å kunne bli betre og kunne bidra til si eiga og andre si utvikling. Derfor er det mange samarbeidsøvingar. I opplegga er det mange øvingar, slik at det er rom for å velje øvingar sjølv og tilpasse til ulike klassar og undervisningsgrupper.

Alle elevane har ein fast læringspartnar i desse tre øktene. Når elevane skal jobbe saman i par, jobbar dei med læringspartnaren sin. Når elevane skal jobbe i grupper på fire, går to og to læringspar saman. Dei skal ha faste læringspartnarar fordi det då vil bli enklare for dei å samarbeide, komme raskt i gang og øve på å gi positive og konstruktive tilbakemeldingar. Slik kan elevane jobbe med å gjere kvarandre gode.

Rørsleglede og innsats

Skal elevane oppnå rørsleglede, er det viktig å få fram at det er lov å ikkje få til alt. Likevel har innsatsen og det å halde fram med å øve og prøve ei betydning for framgangen og meistringa i aktiviteten. Alt dette er ein del av ein læringsprosess. Det er ikkje ferdigheitene i aktiviteten som er det viktige, men korleis elevane løyser oppgåvene dei får.

Læringsmål for heile perioden (tre økter)

Målet med øktene er at de skal

  • trene på ballkontroll, serve og clearslag

  • gi konstruktive og positive tilbakemeldingar

  • forstå og nytte reglar i spel

Filmar om teknikkar i badminton
Video: Stina Åshildsdatter Grolid / CC BY-SA 4.0
Video: Stina Åshildsdatter Grolid / CC BY-SA 4.0
Video: Stina Åshildsdatter Grolid / CC BY-SA 4.0
Video: Stina Åshildsdatter Grolid / CC BY-SA 4.0
Video: Stina Åshildsdatter Grolid / CC BY-SA 4.0

Førebuing

  • Repeter kort reglar, serve, forehand og backhand munnleg med læringspartnaren din i starten av økta.

  • Repeter læringsmåla. Skriv dei gjerne opp på ei tavle eller eit lerret, og repeter i løpet av økta.

  • Repeter kva det betyr å gi positive og konstruktive tilbakemeldingar.


Oppvarming

  1. Triksing med fjør og racket: Alle bruker kvar sin racket og fjør.
  2. Slå ballen til kvarandre i læringspar. Etter nokre minutt skal de prøve å få så mange samanhengande pasningar som mogleg på to minutt. Dei neste to minutta skal de prøve å slå rekorden frå den førre runden. Hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.
  3. Karusell: Tre læringspar går saman. Tre stykke står på rekke på kvar si side av nettet. Førstemann startar med å serve over nettet for deretter å gå bakarst i rekka si. Den på motsett side av nettet slår tilbake og stiller seg deretter bakarst i rekka si. Den andre i rekka (som no er først i rekka) slår fjøra over nettet og stiller seg bakarst i rekka si, og slik held det fram. Fjøra skal gå kontinuerleg over nettet. De skal samarbeide om å klare flest mogleg pasningar.

    Ein vanskelegare variant er at de flyttar dykk til rekka på den andre banehalvdelen etter at de har slått fjøra over nettet.

Hovuddel

  1. Repeter serve: To læringspar går saman på ein bane. Ta ein rask prat om teknikk før de går i gang. De kan òg sjå på videoen om serve. Kvart par servar diagonalt til kvarandre. Ein servar, den andre tek imot med hendene og servar tilbake (10 forehandservar og 10 backhandservar). Hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.
  2. Servekonkurranse: To læringspar på ein bane skal konkurrere mot kvarandre. Legg to rockeringar nedst i dei to hjørna i ei av sserverutene. Alle skal serve diagonalt over nettet, som i ein vanleg badmintonkamp. Det er om å gjere å få flest poeng, og paret må samarbeide for å få det til. Kvar av dykk får tre badmintonfjører og servar deretter over nettet. Det er eitt poeng for å treffe inni servruta og to poeng for å treffe inni ein av ringane. Kvar person gjer seg ferdig med dei tre servane sine før ein frå det andre laget overtek. Når alle har serva ein runde, tel de opp poeng.
  3. Gjennomfør opplegget de finn på sida Badmintonstafett.
  4. Spel: To læringspar speler dobbel på ein bane. Før de går i gang, skal kvart læringspar diskutere:

    Kva er de gode til, som de kan bruke til dykkar fordel i spel? Nemn to ting.


Avslutning

Samanfatt kva de har lært denne timen.

  • Kva kan de om reglar, serve og clearslag?
  • Kva har de gjort for å bidra til eit godt samarbeid i par og grupper?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har de gitt til læringspartnaren dykkar?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har de fått frå læringspartnaren dykkar?

  • Kva betyr det å vere ein god lagkamerat? Korleis var de gode lagkameratar under servekonkurransen, badmintonstafetten og speldelen?

Diskuter i læringspar eller grupper før de samanfattar i plenum.

CC BY-SA 4.0Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2020