Hopp til innhald
Rettleiing

Undervisningsopplegg i badminton, økt 3

Det er mange ulike måtar å bruke badminton på inn mot fagfornyinga. Her får du nokre forslag der vi legg vekt på samarbeid, leik, reglar og grunnleggjande teknikkar. Dette er den tredje av tre økter.
Til lærar

Dette undervisningsopplegget er eit nybyrjaropplegg som går over tre økter, med badminton som aktivitet. For å kunne jobbe med badminton som aktivitet er det viktig å lære seg nokre grunnleggande slag, i tillegg til å forstå og nytte reglane.

Samarbeid og læringspartnar

Samarbeid er eit viktig stikkord for å kunne bli betre og kunne bidra til si eiga og andre si utvikling. Derfor er det mange samarbeidsøvingar. I opplegga er det mange øvingar, slik at det er rom for å velje øvingar sjølv og tilpasse til ulike klassar og undervisningsgrupper.

Alle elevane har ein fast læringspartnar i desse tre øktene. Når elevane skal jobbe saman i par, jobbar dei med læringspartnaren sin. Når elevane skal jobbe i grupper på fire, går to og to læringspar saman. Dei skal ha faste læringspartnarar fordi det då vil bli enklare for dei å samarbeide, komme raskt i gang og øve på å gi positive og konstruktive tilbakemeldingar. Slik kan elevane jobbe med å gjere kvarandre gode.

Rørsleglede og innsats

Skal elevane oppnå rørsleglede, er det viktig å få fram at det er lov å ikkje få til alt. Likevel har innsatsen og det å halde fram med å øve og prøve ei betydning for framgangen og meistringa i aktiviteten. Alt dette er ein del av ein læringsprosess. Det er ikkje ferdigheitene i aktiviteten som er det viktige, men korleis elevane løyser oppgåvene dei får.

Læringsmål for heile perioden (tre økter)

Målet med øktene er at de skal

  • trene på ballkontroll, serve og clearslag

  • gi konstruktive og positive tilbakemeldingar

  • forstå og nytte reglar i spel

Førebuing

  • Repeter kort reglar, serve, forehand og backhand munnleg med læringspartnaren din i starten av økta.

  • Repeter læringsmåla. Skriv dei gjerne opp på ei tavle eller eit lerret, og repeter i løpet av økta.

  • Repeter kva positive og konstruktive tilbakemeldingar du har fått frå læringspartnaren din dei to første øktene.

Oppvarming

Dei same øvingane går igjen i dei tre undervisningsopplegga. Bakgrunnen for dette at de skal oppleve meistring og framgang i øvingar de har gjort før. Etter kvart som de får tak på øvinga, kan de gå raskare fram og bruke mindre tid på kvar øving enn det de gjorde i starten.

  1. Triksing med fjør og racket: Alle finn kvar sin racket og fjør.
  2. Slå fjøra til kvarandre i læringspar. Etter nokre minutt skal de prøve å få så mange samanhengande pasningar som mogleg på to minutt. Prøv å variere slaga ved å til dømes bruke både forehand- og backhandslag. Dei neste to minutta skal de prøve å slå rekorden frå den førre runden. Hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.
  3. Karusell: Tre læringspar går saman. Tre stykke står på rekke på kvar si side av nettet. Førstemann startar med å serve over nettet for deretter å gå bakarst i rekka si. Den på motsett side av nettet slår tilbake og stiller seg deretter bakarst i rekka si. Den andre i rekka (som no er først i rekka) slår fjøra over nettet og stiller seg bakarst i rekka si, og slik held det fram. Fjøra skal gå kontinuerleg over nettet. De skal samarbeide om å klare flest mogleg pasningar.

Ein vanskelegare variant er at de flyttar dykk til rekka på den andre banehalvdelen etter at de har slått fjøra over nettet.

Hovuddel

  1. Gjennomfør opplegget de finn på sida Badmintonstafett.

Filmar om teknikkar i badminton
Video: Stina Åshildsdatter Grolid / CC BY-SA 4.0
Video: Øystein E. Johannessen / CC BY-SA 4.0
Video: Stina Åshildsdatter Grolid / CC BY-SA 4.0
Video: Stina Åshildsdatter Grolid / CC BY-SA 4.0
Video: Stina Åshildsdatter Grolid / CC BY-SA 4.0
  1. Spelet "Kongen": To læringspar går saman. Para skal spele dobbel mot kvarandre. Bestem kva bane som er "kongen". Nummerer banane. Ved bruk av sju banar er "kongen" på bane sju. De speler på tid, til dømes tre minutt per kamp. Når tida er ute, skal paret som vann kampen, bevege seg ein bane nærare "kongen", mens dei som tapte, skal bevege seg ein bane nærare bane 1. Deretter speler alle ein ny kamp på tre minutt og beveger seg til ny bane etter det. Slik held det fram.

    Forslag til variant: Spel single på halv bane. Rulleringa skjer på den same måten som over.

    Før de går i gang, skal kvart læringspar diskutere:

    Kva er de gode til, som de kan bruke til dykkar fordel i spel? Nemn to ting.

Oppsummering

Alle skriv ei individuell eigenvurdering der de svarer på spørsmåla under.

  • Kva kan du om reglar, serve og clearslag?

  • Kva har du gjort for å bidra til eit godt samarbeid i par og grupper?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du gitt til læringspartnaren din?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du fått frå læringspartnaren din?

  • Kva betyr det å vere ein god lagkamerat? Korleis var du ein god lagkamerat under servekonkurransen, badmintonstafetten og speldelen? Gi minst tre døme.

CC BY-SA 4.0Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2020