Hopp til innhald

Fagstoff

Reglar i badminton

Her går vi gjennom reglane i badminton.
Badmintonbane med forklaring og mål. Illustrasjon.

Ein badmintonbane er 13,4 meter lang. Spelefeltet er avgrensa av sidelinjer og baklinjer. Single (ein mot ein) blir spelt innanfor baklinja og den inste sidelinja. I double (to mot to) speler ein over heile banen, bortsett frå i serven, der ballen må treffe innanfor eit felt som er avgrensa av den inste baklinja, den ytste sidelinja og servelinja framme. Ein servar alltid diagonalt (på skrå), både i single og i double.

Kven byrjar?

  • Før kampen byrjar, skal det trekkast lodd om kven som får velje først. (Det vanlege er å slå fjørballen opp i lufta og la den som ballen peiker på når han har landa, få velje.)
  • Den som får velje først, kan velje mellom å serve, å ta imot serven eller velje side.
  • Den som har vunne eit sett, får serve først i neste sett.

Korleis får ein poeng?

  • Dersom servaren vinn ei ballveksling, får han eller ho eitt poeng. Servaren skal deretter serve på nytt frå det andre servefeltet.
  • Dersom motspelaren vinn ballvekslinga, vinn han eller ho poenget og samtidig retten til å serve.
  • Ein spelar held fram med å serve så lenge han eller ho vinn ballvekslinga. Når ein taper ei ballveksling, går serven over til motspelaren.
  • Linjene er ein del av spelefeltet. Det skal ikkje dømmast feil viss ballen treffer ei linje.
  • Når spelet er i gang, kan ein stå kvar ein vil, og det er ikkje feil om ein trør utanfor banen.
  • Når spelaren har oppnådd eit poengtal som svarer til partal (0, 2, 4, 6 og så vidare), skal han eller ho serve frå det høgre servefeltet. Har spelaren eit poengtal som svarer til eit oddetal (1, 3, 5 og så vidare), servar han eller ho frå det venstre servefeltet.
  • Ein badmintonkamp består av tre sett. Den som vinn flest sett, vinn kampen.
  • Eit sett blir alltid vunne av den spelaren som først får 21 poeng.
  • Dersom stillinga blir 20–20, held spelet fram til ein av partane leier med to poeng. Ein må altså slå motstandaren med to poeng for å vinne. Men eit sett kan maksimalt spelast til 30 poeng. Dersom stillinga blir 29–29, skal den siste ballvekslinga avgjere spelet.

Korleis skal vi serve?

  • Når serven går, skal servaren og mottakaren stå innanfor diagonalt motsette servefelt utan å trø over linjene i desse felta. Det lønner seg å stå lengst fram i hjørnet på servefeltet mot servefeltet til motstandaren.
  • Ballen skal servast under midja, og racketen skal peike nedover.
  • Ballen skal flyge oppover frå racketen til servaren og over nettet, slik at han fell ned innanfor serveruta til motspelaren.

Kva med nettet?

  • Under spelet har ikkje spelarane lov til å røre ved nettet eller nettstolpane, verken med kroppen, kleda eller racketen.
  • Som mottakar har du ikkje lov til å møte ballen før han har gått over nettet på di eiga side.
  • Ballen kan vere borti nettet under passering både når ein servar og i vanleg spel.

Kva er spesielt med doublespel?

  • Når spelet er i gang, er det ingen restriksjonar på korleis spelarane kan plassere seg på sin eigen banehalvdel, eller på kven som skal returnere ballen.
  • Før kampen byrjar, må spelarane bli einige om kven som startar i høgre serverute. Dette kan berre endrast mellom setta.
  • Poengtalet til paret bestemmer kva for ei rute spelarane skal stå i når dei skal serve eller ta imot ein serve. Dersom paret har eit poengtal som svarer til eit partal, skal den spelaren som starta til høgre, serve eller ta imot serven i høgre rute. Den same spelaren skal serve eller ta imot serven i venstre serverute når paret har eit poengtal som er eit oddetal (oddetalspoeng). Dersom poengtalet er eit oddetal, skal den spelaren som starta i venstre rute, serve eller ta imot serven i høgre rute, og han eller ho skal serve eller ta imot serven i venstre rute når paret har eit poengtal som er eit partal (partalspoeng).

  • Den som ut frå poengstillinga skal stå til høgre i serveruta når paret får serven, skal byrje å serve. Første gong i kvart sett har paret som byrjar å serve, berre éin serve, deretter har begge spelarane rett til å serve. Så lenge paret vinn, held same person fram med å serve. Når paret taper serven sin, går serveretten over til motstandarane. Laget har berre eitt serveforsøk, og dersom dei taper ballvekslinga, går serven over til det andre laget.

I badminton servar eit lag så lenge dei vinn poeng. Vinn dei mange poeng etter kvarandre, fortset servaren å serve vekselvis frå høgre og venstre felt. Høgre felt blir brukt dersom poengsummen til laget er eit partal, og er poengsummen til laget eit oddetal, blir venstre felt brukt. Når laget taper poeng, går serven til det andre laget.

CC BY-NC-SASkrive av Norges Badmintonforbund.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Badminton