Undervisningsopplegg i badminton, økt 1
Sjå videosnuttane over før timen, til dømes i heimelekse.
Ta ein prat om læringsmåla for perioden. Skriv dei gjerne opp på ei tavle eller eit lerret, og repeter i løpet av økta.
Ta ein prat om kva det betyr å gi positive og konstruktive tilbakemeldingar.
Triksing med fjør og racket ein og ein: Alle har kvar sin racket og fjør. Her er forslag til nokre øvingar:
- låge pasningar
- høge pasningar, gjerne opp i taket
- annakvar høg og låg pasning
- dempe fjøra på racketen
- slå fjøra under det eine beinet
- slå fjøra med racketen bak ryggen
- setje seg på golvet (på rumpa) mellom kvart slag
- legge seg ned på ryggen mellom kvart slag
- Gå saman i læringspar og slå pasningar til kvarandre.
Gruppesamtale om badminton: Diskuter i læringspar eller gruppe, før de samanfattar i plenum. Kva veit de om
- grep på racketen
- reglar
- serve
- forehand og backhand
Praktisk gjennomgang av forehand- og backhandserve
- Sjå video om forehand- og backhandserve.
- Serveøving: To læringspar speler på ein bane. Kvart læringspar servar diagonalt til kvarandre. Ein servar, den andre tek imot med hendene og servar tilbake. Ta 10 forehandservar og 10 backhandsservar. Hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.
Kvar gruppe ser på videoen om clearslag. Faglærar går igjennom teknikk og hugsereglar med kvar enkelt gruppe. Hugsereglar:
- høg olboge
- treffe fjøra med strak arm
- plassering av fjøra på motstandaren sin banehalvdel (langt bak)
- Clearslag: Samarbeid i læringspar ved å slå clearslag til kvarandre. Kor mange slag klarer de samanhengande? Minn kvarandre på å ha høg olboge og å treffe fjøra med strak arm. Hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.
- Spel: To læringspar på kvar bane. Kvart læringspar speler single mot kvarandre til 5 poeng. Så speler det andre læringsparet single mot kvarandre til 5 poeng. Deretter speler alle fire dobbel til 5 poeng. Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar etter kvar kamp.
Samanfatt kva de har lært denne timen.
- Kva hugsar de om reglar, serve og clearslag?
Kva har de gjort for å bidra til eit godt samarbeid i par og grupper?
Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har de gitt til læringspartnaren dykkar?
Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har de fått frå læringspartnaren dykkar?
Diskuter i læringspar eller gruppe før de samanfattar i plenum.