Om Sikkerheitsvakt AS
Både Bjarne og Torhild gjekk service, sikkerheit og administrasjon vg2 og hadde deretter læreplass innanfor sikkerheit i forsvaret. Etter fullført læretid møttest dei på vektarkurset til Securitas, der dei òg jobba ein kort periode. No vil dei prøve seg på eiga hand i sitt eige firma, Sikkerheitsvakt AS.
Sikkerheitsvakt AS treng løyve frå politiet til å drive sikkerheitsfirma. Lov om vaktverksemd krev at både Bjarne og Torhild er over 18 år og har tilfredsstillande vandel. Bedrifta vil tilby mobilt og stasjonært vakthald allereie det første året, og lån til bil blir ei stor utgift.
Bedrifta er registrert i Brønnøysund, og no skal dei setje opp eit resultatbudsjett som vil inngå i forretningsplanen. Når budsjettet er klart, vil dei ta kontakt med ein bank for å få lån til dei første investeringane.
Det er eit krav at dei som utfører vakttenester, må bruke uniform og bere synleg ID-KORT. Bedrifta skal òg innreie eit enkelt kontor som dei har leigd i sentrum av byen. Av andre kostnader må dei rekne med løn, husleige, forsikring, kommunikasjonsutstyr, marknadsføring og diverse småutgifter. I dette resultatbudsjettet er lønskostnaden den variable kostnaden.
Med utgangspunkt i tala som er oppgitt nedanfor, skal du lage resultatbudsjett for det første året til Sikkerheitsvakt AS.
Salsinntekter: kr 1 500 000
For å oppnå desse inntektene må Torhild og Bjarne jobbe hardt og ta helgevakter i tillegg til ordinær vaktteneste.
Løn: kr 450 000 brutto per tilsett per år
Arbeidsgivaravgift: 14,1 % av bruttoløna
Husleige: kr 10 000 per månad
Bedriftsforsikring: kr 1 500 per månad
4 sett uniformer: kr 10 000 per sett
Uniformene må godkjennast av politiet før bruk.
Kommunikasjonsutstyr: kr 35 000
Marknadsføring: kr 1 000 per månad
Avdrag og renter på lån : kr 4 200 per månad
Dei vil låne kr 500 000 med 3,5 % effektiv rente og ei nedbetalingstid på 10 år.
Andre driftskostnader: kr 2 000 per månad
Kva synest du om resultatbudsjettet? Er tala realistiske?
Berekn og vurder resultatgrada.