Hopp til innhald
Oppgåve

Budsjett i praksisbedrifta

Korleis ser budsjetta ut i praksisbedrifta di? I denne oppgåva skal du utforske korleis resultat- og likviditetsbudsjettet ser ut og blir brukt i praksisbedrifta di.

Det kan vere stor forskjell på budsjettdøma du finn i lærebøker og dei budsjetta bedriftene lagar. I lærebøkene er oppsetta forenkla i forhold til verkelegheita. Men føremålet med å lage budsjett er det same, bedrifta skal ha ei oversikt over økonomien.

I praksisbedrifta di er det ein eller fleire som jobbar med økonomi og rekneskap. Du må få hjelp frå dei til å løyse oppgåva.

Oppgåve

  1. Førebu deg på å arbeide med budsjett. Repeter kva eit resultatbudsjett og eit likviditetsbudsjett er.

  2. Be om å få sjå på resultatbudsjettet og likviditetsbudsjettet til bedrifta. Det er som regel mange linjer i budsjettet til ei bedrift, men du skal berre finne hovudtala.

  3. Lag spørsmål som du skal stille til kollegaen din om den økonomiske stoda for bedrifta.

  4. Resultatbudsjettet. Lag ein tabell og fyll ut:

Resultatbudsjett

Kalkulasjon

Kroner

Salsinntekter

= Sum salsinntekter

Varekostnad

Andre variable kostnader

Sum variable kostnader

= Bruttoforteneste/DB

Faste kostnader

Sum faste kostnader

= Resultat

  1. Likviditetsbudsjettet. Lag ein tabell og fyll ut:

Likviditetsbudsjett

Kalkulasjon

Månad 1

Månad 2

Inngåande behaldning

Innbetalingar

= Sum innbetalingar

Utbetalingar

= Sum utbetalingar

= +− Innbetalingsoverskot/-underskot

= Utgåande behaldning

  1. Kva tenkjer du om lønnsemda og likviditeten til bedrifta?

Tips til lærar

Oppgåva passar fint som ein del av loggen eleven skriv frå praksis, eller som ei individuell skriftleg innlevering.